Hestvik Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hestvik glassverk)
Hestvik Glassverk
Skipa1850
Nedlagd1857
HovudkontorLaksevåg
LandNoreg

Hestvik glassverk eller Hesteviken glassverk, òg kjent som Gravdal glassverk, var eit foretak som blei oppretta i 1850. Det blei etablert av August Konow og sonen Fredrik Ludvig Konow d.e.[1] Dei fleste glasblåsarane kom til verket 1852-1853 og forlet det i 1857, slik at dette blir rekna som driftstida til verket.[2]

Verket låg litt nordvest for Gravdal mølle i Laksevåg ved Bergen. Det produserte flasker og kavlar, og frå 1853 òg kvitt glas. Glasmeister Pedersen leia produksjonen. Det var ein eigen verksskole knytt til aktiviteten i Hestvika og Gravdal.

Arbeidarar[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Nicolay Hetty (1820-1905), 1855-1856.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravdals historie, arkivert frå originalen 12. oktober 2012, henta 16. august 2010 
  2. Statsarkivet i Bergen, Askøy Sokneprestembete, H: Ministerialbok nr. A 11
  3. Nils Nicolay Hetty på Nannestad slektsskog