Hevemiddel

Hevemiddel er produkt som blir nytta i deig eller røre for at sluttproduktet skal heva seg og bli lett, luftig og mjukt. Hevemiddelet reagerer med fukt, varme, syre eller andre faktorar som fører til produksjon av gass (typisk karbondioksid) og nokre gonger etanol. Dette blir fanga som boblar i bakverket. Når deigen eller røra størknar blir desse boblene igjen.
Nokre døme på hevemiddel er natron, bakepulver, gjær, kaliumkarbonat, hjortetakksalt og hydrogenperoksid. Egg blir gjerne òg omtala som hevemiddel; ein siktar då ikkje til gassproduksjon men til eggedosis med innpiska luftbobler.[1]
«Injeksjon» av gass ser ein òg brukt i krem på boks. Dinitrogenoksid er drivgassen til boksen og skaper eit skum når det kjem ut av boksen saman med væska.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kremtoppen.com - Råvarer til baking». Arkivert frå originalen 16. november 2017. Henta 14. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Hevemiddel» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2026.