Hewitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein hewitt er ein topp i England, Wales eller på Irland med absolutt høgd på minst 2000 fot over havet, som tilsvarar 609,6 meter over havet og ein primærfaktor på minst 30 meter. Namnet er eit akronym: Hills in England, Wales and Ireland over Two Thousand feet.

Den engelske og den walisiske lista vart samansett og vedlikehalde av Alan Dawson, medan den irske lista vart laga av Clem Clements. Definisjonen tek omsyn til kritikken mot nuttall-definisjonen, som har ein primærfaktor på minimum 15 meter og dermed omfattar mange subsidiære toppar. Dei 125 minst prominente nuttalls er ekskludert i lista over hewitts.

Det er totalt 525 toppar som fell inn under definisonen:

  • 178 i England
  • 137 i Wales
  • 211 på Irland

Samanlagt gjev dette 526, fordi Black Mountain vert rekna med både i England og Wales.

Skottland er ikkje med i lista, fordi det ville medføre at særs mange toppar som i skotsk målestokk er nokså små ville vorte med. Det har vorte publisert ei liste over alle toppar i Skottland som møter kriteria, delt inn i munro, corbett og graham. Hadde dei skotske toppane vore med ville det vore 2 638 toppar på lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]