Hexi-korridoren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kina (grønt) år 700 vart herska av Tang-dynastiet. Hexi-korridoren er «tarmen» mellom Tarimbekkenet i vest og dei austlege regionane av Kina.

Hexi-korridoren er den historiske ferdselsleia gjennom delar av dagens Gansu-provins i det nordlege Kina. Korridoren var ein del av den nordlege Silkevegen som førte i nordvestleg lei frå breiddene på storelva Huang He. Leia var den viktigaste frå Nord-Kina til Tarimbekkenet og Sentral-Asia for både handelsfolk og militære styrkar. Korridoren består av ei rad oasar langs nordkanten av Tibetplatået. I sør reiser seg det høgtliggjande og aude Tibetplatået, og mot nord breier Gobiørkenen og grasviddene i Indre-Mongolia. Mot vest delar leia seg i tre, anten fer ein nord om Tian Shan eller mot sør på kvar si side av Tarimbekkenet. Ved austenden ligg fjella rundt Lanzhou før ein når elvedalen til Wei He og sjølve Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]