Heybeliada
Utsjånad
| Heybeliada | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 2,34 km² | ||
| Folketal | 3 324 (2007)[1] | ||
![]() Heybeliada 40°52′30″N 29°05′22″E / 40.875°N 29.089444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Heybeliada | |||


Heybeliada eller Heybeli Ada (gresk Χάλκη, Halki) er den nest største av Prinseøyane i Marmarahavet, nær Istanbul i Tyrkia. Ho er offisielt eit nabolag i bydelen Adalar i Istanbul.
Den tyrkiske sjøkrigsskulen ligg på øya, i tillegg Kamariotissa, den einaste gjenverande austromerske kyrkja på øya, og den siste kyrkja som vart bygd før erobringa av Konstantinopel. Den engelske diplomaten Edward Barton, den andre engelske ambassadøren i Konstantinopel, ligg gravlagd her.
Det bur kring 3000 menneske på øya om vinteren, men med mange sommarhus på øya aukar innbyggjartalet til kring 10 000 om sommaren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Adrese Dayalı Nüfus Kayıt Sistemi»; vitjingsdato: 2023; språk på verk eller namn: tyrkisk.
- Denne artikkelen bygger på «Heybeliada» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.
