Høgskolen i Oslo

Koordinatar: 59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E / 59.92090694°N 10.733863000°E / 59.92090694; 10.733863000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HiO)

59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E / 59.92090694°N 10.733863000°E / 59.92090694; 10.733863000

Høgskolen i Oslo

Avdeling for ingeniørutdanning ved HiO
MottoUtdanning for et helt liv
Grunnlagt1. august 1994
TypeStatleg høgskole
StadOslo kommune
Nettstadhttp://www.hio.no
ErstattarNorsk journalisthøgskole, Oslo ingeniørhøgskole, Statens bibliotekhøgskole, Sosialhøyskolen i Oslo
Erstatta avHøgskolen i Oslo og Akershus

Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette[1]. Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.

Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i AkershusKjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.

Lokalisering[endre | endre wikiteksten]

Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.

Avdelingar og studietilbod[endre | endre wikiteksten]

Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:

I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).

Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.

I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.

Rektorar ved Høgskolen i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fakta om HiO, arkivert frå originalen 3. september 2006, henta 5. mai 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fra bryggeri til høgskole, om utbyggingen av Frydenlundområdet 1922-1999. redigert av Jon Li. Oslo, 1999. ISBN 82-579-0274-8