Hibernaculum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hibernaculum
CD av Mike Oldfield
frå albumet The Songs of Distant Earth
Utgjeve 5. desember 1994
Innspelt Roughwood Studio, Buckinghamshire
Sjanger Ambient
Lengd 3:32
Selskap Warner Music UK
Låtskrivar(ar) Mike Oldfield
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
«In Dulci Jubilo»
(1993)
Hibernaculum «Let There Be Light»
(1995)


«Hibernaculum» er ein instrumental av den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1994 på albumet hans The Songs of Distant Earth.[1] Stykket kom ut på singel og nådde 47. plassen på UK Singles Chart.

Det vart gjeve ut to forskjellige versjonar av singelen. Den første inneheld fleire remiksar av «Moonshine», den siste delen av Tubular Bells II, medan den andre inneheld spor som ikkje var gjevne ut tidlegare, som «The Song of the Boat Men», som seinare vart nytta om att i ein annan song kalla «Moonshine» på rockealbumet til Oldfield frå 2014, Man on the Rocks.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

UK CD 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hibernaculum» – 3:32
  2. «Moonshine» (Festive Mix) – 3:41
  3. «Moonshine» (Solution Hoedown Mix) – 5:27
  4. «Moonshine» (Jungle Mix) (Featuring Rankin' Sean & Peter Lee) – 4:16

UK CD 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hibernaculum» – 3:32
  2. «The Spectral Army» – 2:41
  3. «The Song of the Boat Men» – 2:52

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[2] 47

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Singles». Amadian. Arkivert frå originalen 1. november 2020. Henta 30. juni 2020. 
  2. "Chart Stats – Mike Oldfield – Hibernaculum" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 2013-04-09.