Hidalgo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hidalgo

Hidalgo (iˈðalɣo) er ein av Mexicos 31 delstatar som ligg i det sentrale Mexico. Delstaten grensar til San Luis Potosí i nord, Veracruz og Puebla i aust, Tlaxcala og Delstaten México i sør, og Querétaro i nord-vest. Hidalgo har eit areal på 20 502 km² og har om lag 2 345 514 innbyggjarar.

Hovudstaden og største byen er Pachuca.

Hidalgo blei ein meksikansk delstat den 15. januar 1869. Delstaten vart oppkalla etter Miguel Hidalgo (1753-1811) som var prest og frigjeringshelt.



Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]