Hidlefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hidlefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Stavanger, Strand
Kart
Hidlefjorden
59°03′47″N 5°47′33″E / 59.06315389°N 5.79254194°E / 59.06315389; 5.79254194

Hidlefjorden er ein fjordarm av Boknafjorden i kommunane Stavanger og Strand. Han strekkjer seg 13 km frå Askjesundet ved øya Sokn i vest til Tau i aust. Fjorden er kalla opp etter øya Hidle som ligg på sørsida. Sør for Hidle ligg Horgefjorden og sørvest for Hidle ligg innløpet til Idsefjorden.

Utanom Sokn i vest ligg Mosterøy og sjølve Rennesøy på nordsida av fjorden. Mellom desse øyane strekkjer Mastrafjorden seg frå Boknafjorden og søraust til Hidlefjorden. Brimse ligg aust for Rennesøy og nord for denne øya ligg Brimsefjorden. Aust for Brimse møter desse to fjordane Fognafjorden, som held fram nordaustover. På sørsida av Hidlefjorden, vest for Hidle, ligg Åmøy og sør for Åmøy ligg Åmøyfjorden, like nord for Stavanger. Frå Stavanger går det ferjesamband til Tau som kryssar dei søraustlege delane av Hidlefjorden.