Hieronymus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hieronymus

Hieronymus måla av Jacques Blanchard i 1632.
Føddca. 345
FødestadStridon, Dalmatia
Daudca. 30. september 420
DødsstadBetlehem
Yrkegeistleg, teolog, historikar, apologet, bibelomsetjar, anakoret, lyrikar, skribent, bibelforskar, omsetjar, Kyrkjelærar, Kirkefedre
Helgendag30. september, 15. juni, 30. september, 30. september

Eusebius Sophronius Hieronymus (34030. september 420), kjend som den heilage Hieronymus, er opphavsmannen til Vulgata, den latinske omsetjinga av Bibelen frå gresk og hebraisk. Med visse endringar er omsetjinga hans framleis i bruk som offisielle bibelteksten i bruk i kyrkja, og Hieronymus har fått tittelen kyrkjelærar. Han er rekna som helgen for omsetjarar og bibliotekarar.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hieronymus var fødd i Stridon, på grensa mellom Pannonia og Dalmatia (i dag Sdrin i Kroatia), ein gang rundt 347.[2] Han kom frå ein illyrisk adelsfamilie, og morsmålet hans var illyrisk.[3] Hieronymus kom til Roma for å læra retorikk og filosofi rundt 360–366. Han hadde kristne foreldre, men blei ikkje døypt før om lag 360. Han studerte under grammatikaren Aelius Donatus og lærte seg latin og ein del gresk,[4] men oppnådde truleg ikke den kjennskapen til gresk litteratur han seinare hevda.[5]Etter fleire år som språkstudent i Roma reiste han til Trier, der han truleg tok til å studera teologi.

Omsetjaren Hieronymus i arbeid, med tam løve i forgrunnen. Gravert av Albrecht Dürer i 1514.

Så tok Hieronymus fatt på ei reise til Vesleasia og Syria. Under eit lengre opphald i Antiokia opplevde han at to av reisekameratane hans døydde, medan han sjølv var sjuk fleire gonger. Medan han låg sjuk hadde han eit syn som fekk han til å ta avgjerda om å slutta med dei verdslege studia sine og via livet sitt til gudelege ting. Dette hende truleg vinteren 373-374. I tre år etterpå oppheldt han seg ein del i den syriske ørkenen, der mange einebuarar heldt til. Hieronymus blir gjerne sjølv framstilt som ein einebuar på grunn av dette, men han brukte òg denne tida til å studera og skriva. Av ein konvertert jøde fekk han den første undervisinga si i hebraisk.

Då han vende tilbake til Antiokia i 378 eller 9 blei han presteordinert av biskop Paulinus. Hieronymus kom så tilbake til Roma i 382, der han blei ein nær medarbeidar av pave Damasus. Han fekk oppdraget med å omsetja Bibelen og slik sameina dei mange vestlege bibeltekstane, som var blitt noko ulike med åra. Han tok først fatt på Det nye testamentet ved å retta den eksisterande latinske utgåva Itala eller Vetus Latina. I 390 gjekk han så over til Det gamle testamentet, som han fullførte i Betlehem i 405. Deretter skreiv han ei rekke kommentarar til dei heilage skriftene, ofte med forklaringar til dei omsetjingsvala han hadde teke.

Kort tid etter at Damasus døydde forlet Hieronymus Roma og drog først til Antiokia, så til Alexandria og Nitria i Egypt, og til slutt til Palestina. Han slo seg ned som ein eremitt og lærar i Betlehem, der han døydde i 420.

Seinare historier fortel om korleis Hieronymus blei freista i ørkenen, på om lag same måte som Jesus, korleis han temte ei løve der ved å ta ein torn ut av foten hennar, og at han hadde fleire visjonar som einebuar. I kunst blir han ofte vist saman med ei løve, i tillegg til den sjølvsagte Bibelen. Ettersom han var prest i den tidlege kyrkja blir han framstilt som ein kardinal, til dømes med raude klede eller ein kardinalhatt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Halvorsen, Per Bjørn (4. mai 2021). «Hieronymus». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Williams, Megan Hale (2006): The Monk and the Book: Jerome and the making of Christian Scholarship, Chicago, s. 268
  3. Pevarello, Daniele (2013): The Sentences of Sextus and the origins of Christian ascetiscism, Tübingen: Mohr Siebeck, ISBN 9783161525797, s. 1.
  4. Walsh, Michael, red. (1992): Butler's Lives of the Saints, New York: HarperCollins, s. 307
  5. Kelly, J.N.D. (1975): Jerome: His Life, Writings, and Controversies, New York: Harper & Row, s. 13–14