High School Confidential av Jerry Lee Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
High School Confidential
Singel av Jerry Lee Lewis and His Pumping Piano
B-side

«Fools Like Me»

Utgjeve 20. mai 1958
Sjanger Rock and roll, rockabilly, country
Lengd 2:27
Selskap Sun 296
Låtskrivar(ar) Ron Hargrave, Jerry Lee Lewis
Produsent Sam Phillips
Jerry Lee Lewis-kronologi 
«Down the Line»

(1958)

High School Confidential «The Return of Jerry Lee»

(1958)


«High School Confidential» er ein song skriven av Ron Hargrave og Jerry Lee Lewis som kjenningsmelodien til filmen med same namn, regissert av Jack Arnold.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jerry Lee Lewis spelte inn songen i Sun Studio den 14. februar og reiste så til California, der regissøren sette han, bassisten Jay W. Brown, trommeslagaren Russ Smith, og instrumenta deira på toppen av ei planvogn og fekk Lewis til å mime til songen føre skodespelarar som spelte skuleelevar.[1] Under innspelinga spelte Lewis inn minst 14 opptak av «High School Confidential» (ingen andre songar vart spelte inn), men på den tida vart ingen av desse opptaka gjevne ut. Opptaka frå denne innspelinga vart offisielt gjevne ut tidleg i 1980 på Wild One at the High School Hop, og tre andre opptak hamna i plateboksen Jerry Lee Lewis: The Sun Years (1983). Lewis spelte inn att songen 24. april 1958, i noko lågare tempo. Ei blanding av to forsøk vart gjevne ut på singel[2] i mai 1958 og så på albumet Jerry Lee Lewis i 1958.[3] Sjølve filmversjonen er aldri blitt utgjeven.

Jerry Lee Lewis spelte inn eit konsertopptak av songen med det britiske bandet The Nashville Teens i 1964 på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg. Songen vart framført av Lewis på ein konsert i 1972 på Wembley Stadium i Storbritannia og vart nytta i dokumentarfilmen frå konserten i 1973, kalla The London Rock and Roll Show. Songen vert òg nytta i filmen Breathless med Richard Gere og Valerie Kaprisky.

«High School Confidential» vart framført i 1983 på Dick Clark sitt TV-program med Jerry Lee Lewis på piano og vokal, Keith Richards på gitar, Mick Fleetwood på trommer og Gary Busey på vokal.

Songen er med i biografifilmen Great Balls of Fire! frå 1989 med ei ny innspeling av Jerry Lee Lewis.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på singel 20. mai 1958 med «Fools Like Me» på B-sida og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100, niandeplassen på countrylista, femteplassen på R & B-lista og 12. plassen på den britiske singellista.[4] Singelen nådde 13. plassen på den kanadiske lista og selde til gullplate i USA.[5]

Liste (1958) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 21
U.S. Billboard Hot Country Singles 9
U.S. Billboard Hot R&B Singles 5
U.K. Singles Chart 12

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn songen under innspelinga av Get Back/Let It Be i Twickenham Film studios 6. og 26. januar 1969.[6] Både Adam Faith og Cliff Richard spelte inn songen i 1958.[7] The Refreshments spelte inn songen i 2008. Songen vart òg spelt inn av Johnny Worth, Mike Berry, Marty Wilde, The Blasters, Johnny Hallyday, Brian Setzer, Sha Na Na, Fairport Convention på albumet Moat on the Ledge: Live at Broughton Castle, August '81, Mike Smith, Alan Mills og Siggi Fassl i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «High School Confidential (Jerry Lee Lewis song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2017.
  • Bonomo, Joe (2009). Jerry Lee Lewis: Lost and Found. New York: Continuum Books.
  • Gutterman, Jimmy (1991). Rockin' My Life Away: Listening to Jerry Lee Lewis. Nashville: Rutledge Hill Press.
  • Gutterman, Jimmy (1993). The Jerry Lee Lewis Anthology: All Killer, No Filler. Rhino Records.
  • Silver, Murray (1981). Great Balls of Fire: The Uncensored Story of Jerry Lee Lewis. William Morrow/Quill/St. Martin's Press.
  • Whitburn, Joel (1985). The Billboard Book of Top 40 Hits.
  1. Tosches, Nick (1982). Hellfire. New York: Grove Press
  2. The Jerry Lee Lewis Sun Collection.
  3. Jerry Lee Lewis and Charles White (1995). Killer! The Baddest Rock Memoir Ever. London: Century
  4. Whitburn, Joel (1985). The Billboard Book of Top 40 Hits.
  5. «High School Confidential». Allmusic. Henta 28. juli 2017. 
  6. The Beatles Bible: Get Back/Let It Be Sessions: Complete Song List.
  7. Second Hand Songs: High School Confidential.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]