High Street i Lake District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
High Street
fjell
Land  England
Fylke Cumbria
Kart
High Street i Lake District
54°29′31″N 2°51′54″W / 54.492°N 2.865°W / 54.492; -2.865
Wikimedia Commons: High Street (Lake District)

High Street er eit fjell i Lake District i England. Toppen er på 828 meter (2718 ft), og utgjer det høgaste punktet i austenden av nasjonalparken. Fjellet har namn etter romarvegen ein trur gjekk over det.

Historie og namn[endre | endre wikiteksten]

Romarvegen ein trur gjekk her kryssar fjellet på veg mellom festningane i Brougham (Brocavum) nær Penrith og ved Ambleside (Galava).[1] High Street-fjella ligg i eit av dei rolegare områda av Lake District, og har ganske slake bakkar og eit flatt topplatå. Desse eigenskapane kan ha overtydd romerske landmålarar til å bygga vegen sin over fjelltoppane i staden for gjennom dalane, som på den tida var tett skogkledde og myrlendte, og derfor gjorde dei utsette for bakhaldsåtak. Naturen til den romerske vegen er likevel problematisk, sidan mykje av han er senka ned i ei utholing, i staden for å byggast på toppen av ein voll eller agger på vanleg romersk vis.

Den flate toppen av fjellet blei òg brukt som arena for sommarmesser av lokalbefolkninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå dalane rundt samla seg her kvart år den 12. juli for å gje forvilla sauer tilbake til eigarane sine; det blei også halde spel, bryting og hesteveddeløp. Toppen av High Street er framleis kjend som Racecourse Hill, og heiter det på kart. Den siste sommarmessa blei halden i 1835. I dag kan ein av og til finna fell-ponniar beitande på toppen.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Kent, som renn sørover gjennom byen Kendal og ut i Morecambe Bay, har kjelda si på sørsidene av High Street.[2] Kent har ein høgdeskilnad på 300 m i løået av 40 km (1000 feet in 25 miles), og blir sagt å vera den raskast rennande elva i England.

Austsida av High Street er forriven og stupbratt og fell mot Haweswater-reservoaret. Det er to fjellsjøar, eller tarn, under dei austlege klippene — Blea Water og Small Water; Blea Water ligg i ein klassisk fjellbotn og er 200 feet djup, den djupaste sjøen i Lake District.[3]

Toppen[endre | endre wikiteksten]

Det går ein mur langs ryggen av den flate toppen. Det høgaste punktet er markert med ei kvitmåla trianguleringssøyle frå Ordnance Survey. Ein har utsyn frå Penninane i aust til ein stor boge av Lakeland-åsar som fyller den vestlege horisonten. Helvellyn-kjedar og Southern Fells skil seg særleg ut.[4]

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Frå Mardale kan ein ha ei flott åsvandring,[5] med utsikt ned til Riggindale der ein ein gong kunne ha sett kongeørn.[6] Riggindale hadde den einaste fuglen av denne typen som fanst i England, ein einsleg hann, som hadde vore der sidan 2004, men fuglen er ikkje blitt sett sidan 2016. Ein kan òg gå opp på High Street frå Patterdale, Kentmere og Troutbeck. Heile sør-til-nord-traversen av High Street-ryggen frå Ings nær Windermere til Eamont-dalen i den nordlege enden av Ullswater er ein 30 kilometer lang fottur over tolv toppar, og bør berre utførast av erfarne turgåarar.[7]

Utsyn frå toppen av High Street, med utsyn mot Harter Fell og med Blea Water i framgrunnen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. B Conduit, Lake District Walks (Norwich 1991) s. 65
  2. A Wainwright, Wainwright in the Valleys of Lakeland (London 1992) s. 40
  3. Blair, Don: Exploring Lakeland Tarns: Lakeland Manor Press (2003): ISBN 0-9543904-1-5
  4. Alfred Wainwright: A Pictorial Guide to the Lakeland Fells, Book 2: ISBN 0-7112-2455-2
  5. B Conduit, Lake District Walks (Norwich 1991) p. 65
  6. A Wainwright, Wainwright in the Valleys of Lakeland (London 1992) p. 31
  7. Bill Birkett: Complete Lakeland Fells: Collins Willow (1994):ISBN 0-00-713629-3