Hijaz
| Hijaz | |||
| region | |||
Wadi al-Disah i Hedsjas. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Hijaz 23°30′13″N 40°51′35″E / 23.5036°N 40.8597°E | |||
| Wikimedia Commons: Hejaz | |||

Hijaz eller Hedsjas[1][a] er ein region vest i Saudi-Arabia mot Raudehavet frå Asir i sør til grensa mot Jordan i nord. Han er ca. 300 000 km² i flatevidd.
Provinsen omfattar det meste av den vestlege delen av Saudi-Arabia, og er kjend som «Vest-provinsen».[2] Han har kyst mot Raudehavet i vest og grensar mot Jordan og Akababukta i nord. I aust ligg Najd og i sør ligg Sør-Arabia.[3] Namnet på regionen er avleidd frå verbet ḥajaza (حَجَز), frå den arabiske rota ḥ-j-z (ح-ج-ز), som tyder ‘å skilja’. Det viser til at regionen skil Tihamah i vest frå Najd i aust.[4]
Byane Mekka, Medina, Jeddah, Tabuk, Yanbu, Taif og Al-Bahah ligg her. Den største byen er Jeddah, som er den nest største byen i Saudi-Arabia, medan Mekka og Medina er dei tredje og fjerde største byane i landet.[5]
Ifølgje muslimsk overlevering var profeten Muhammed fødd i Mekka, som blir rekna for å ha blitt grunnlagd av forfedrane hans Abraham, Ismael og Hagar.[6][7] I den arabiske verda var Hedsjas ein provins der islam voks fram på 600-talet, og blei del av ulike kalifat, fyrst Rashidunkalifatet, deretter Omajadekalifatet og til slutt Abbasidekalifatet. Han kom under det egyptiske Mamelukk-sultanatet etter at det Bagdad-baserte kalifatet fall i 1258. Etter omkring 1200 blei det indre styret teke hand om av emirane i Mekka. Frå 1517 kom området til å delvis ligga under Det osmanske riket.
Frå 1845 blei den osmanske overhøgvørde meir tilstades og meir avskydd, og i 1916 gjorde ein lokal leiar, Hussain I ibn Ali, opprør mot osmanarane. Han fekk stønad frå England og Lawrence av Arabia og tok tittelen konge av Hedsjas. Ibn Saud av Nedsjd erobra kongeriket i 1925 og skapte Kongeriket Hejaz og Nejd.[8] I september 1932 gjekk dette riket saman med Al-Hasa og Qatif til det sameinte kongeriket Saudi-Arabia under kong Ibn Saud.[9][10]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arabisk skrift الحجاز
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Utanlandske stadnamn», Språkrådet, henta 9. juli 2026
- ↑ Mackey, s. 101. "The Western Province, or the Hejaz[...]"
- ↑ Hopkins, Daniel J. (2001). Merriam-Webster's Geographical Dictionary. Merriam-Webster. s. 479. ISBN 0-87779-546-0. Henta 17 March 2013.
- ↑ Rutter, Eldon (Februar 1931). «The Hejaz». The Geographical Journal 77 (2): 97–108. Bibcode:1931GeogJ..77...97R. JSTOR 1784385. doi:10.2307/1784385.
- ↑ Leatherdale, Clive (1983). Britain and Saudi Arabia, 1925–1939: The Imperial Oasis. Psychology Press. s. 12. ISBN 978-0-7146-3220-9.
- ↑ Lings, Martin (1983). Muhammad: His Life Based on the Earliest Sources. Islamic Texts Society. ISBN 978-0-946621-33-0.
- ↑ Glassé, Cyril (1991). «Kaaba». The Concise Encyclopedia of Islam. HarperSanFrancisco. ISBN 0-0606-3126-0.
- ↑ Yamani, M. (2009), Cradle of Islam: the Hijaz and the quest for an Arabian identity, I.B. Tauris, ISBN 978-1-84511-824-2 (Pbk. ed.)
- ↑ A Brief overview of Hejaz - Hejaz history Arkivert August 15, 2018, ved Wayback Machine. Mal:Verify source
- ↑ Al-Rasheed, M. A History of Saudi Arabia. Cambridge, England, UK: Cambridge University Press, 2002. Mal:Verify source

