H.D.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hilda Doolittle)
Hopp til navigering Hopp til søk
H.D.
H.D. in Tendencies in Modern American Poetry, 1917 - cropped.jpg
Fødd 10. september 1886
Bethlehem
Død

27. september 1961, 21. september 1961 (75 år)
Zürich

Yrke lyrikar, skribent, sjølvbiograf, skodespelar
Ektefelle Richard Aldington
Born Perdita Aldington
H.D. på Commons
Plakett for Hilda Doolittle ved 44 Mecklenburgh Square i London.

Hilda Doolittle (10. september 188627. september 1961), kjend under initialane H.D., var ein britisk-amerikansk forfattar som skreiv dikt, romanar og memoar. Ho var ein av grunnleggjarane av imagismen, ei avantgarderørsle innan modernistisk dikting som også omfatta Ezra Pound og Richard Aldington. H.D. var oppteken av klassisk gresk kultur, og stod for gjendiktingar frå den klassiske litteraturen i tillegg til å bruka bilete frå gresk mytologi og klassisk gresk diktoppbygning. Ho brukte mange bilete frå naturen frå ho byrja å dikta. Kjønnsroller og hennar eiga bifile legning var også viktige element i mange av verka hennar.

The light passes
from ridge to ridge,
from flower to flower;—
[...]
black creeps from root to root,
each leaf
cuts another leaf on the grass,
shadow seeks shadow,
then both leaf
and leaf-shadow are lost.

«Evening», Sea garden (1916)[1]

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Hilda Doolittle var fødd i Bethlehem i Pennsylvania i USA. Ho flytta til London i 1911, og blei verande i Europa resten av livet. Ho busette seg i Sveits i 1946, og døydde i Zürich.

Hilda Doolittle kom frå ein pietistisk og akademisk bakgrunn i Pennsylvania. Mor hennar, Helen Doolittle fødd Wolle, tilhøyrde herrnhutismen og var sterkt musikkinteressert. Faren Charles Doolittle var astornomiprofessor ved Lehigh University. I 1896 fekk han ei professorstilling ved University of Pennsylvania, og familien flytte til Upper Darby nær Philadelphia. Hilda var elev ved kvekarskulen Friends Central High School i Philadelphia. Ho blei vener med Ezra Pound i 1901. I 1905 gav han henne ei samling kjærleiksdikt kalla Hilda's Book. Same året gjekk ho ut frå high school og byrja gresk litteratur ved Bryn Mawr College. Medan ho forlét høgskulen etter berre tre semester, knytte ho band med diktarane Marianne Moore og William Carlos Williams her. I 1907 blei ho trulova med Ezra Pound, men faren mislikte Pound, og trulovinga blei broten året etter. Rundt denne tida utvikla Doolittle eit forhold med kunststudenten Frances Josepha Gregg.

Doolittle gav ut sine første verk, nokre historier for barn, mellom 1909 og 1913 i kyrkjebladet The Comrade. Ho brukte hovudsakleg løyndenamnet Edith Gray. Etter å ha budd ei tid i Greenwich Village reiste ho til Europa med Gregg og mor hennar i 1911. Her byrja ho hevda seg som ein seriøs forfattar. Ho blei kjend med litteraturentusiasten Brigit Patmore, som ho hadde eit forhold til, men som også introduserte henne for den framtidige ektemannen hennar, diktaren Richard Aldington.

Også Ezra Pound budde i London, og dei to hadde fleire møte der dei diskuterte poesi. I tillegg til den greske inspirasjonen såg dei også til japansk litteratur som haiku og tanka. Dikta deira skulle dannast av frie vers og ikkje innehalda unødvendige ord, men direkte ta for seg tinga dei handla om. Pound gav signaturen «H.D. Imagiste» til Doolittle, og publiserte dikta hennar i tidsskriftet Poetry under overskrifta Imagiste i januar 1913.

Doolittle gifta seg med Aldrington i 1913. Dei fekk ei dotter som var dødfødd i 1915. Ektemannen blei sterkt prega av opplevingane sine ved fronten under første verdskrigen, og paret blei seinare separert. Etter eit forsøk på å finna tilbake til kvarandre levde dei separate liv, og skilde seg i 1938. I 1918 blei bror hennar Gilbert drepen ved fronten.

H.D gav ut si første diktsamling, Sea Garden, i 1916, og blei same året assisterande redaktør i The Egoist etter ektemannen. Ho blei kjend med forfattaren H.D. Lawrence, som ho utvikla ein tett venskap til. Gjennom han møtte ho komponisten Cecil Gray, som ho hadde eit kort forhold og blei gravid med. Gray hadde forlate henne i Cornwall og reist tilbake til London då Doolittle fødde dottera Frances Perdita Aldington i livsfare medan ho leid av spanskesjuka i 1919. Dette året døydde far hennar, som aldri hadde kome over tapet av sonen.

Lais has left her mirror
(so one wrote)
to her who reigns in Paphos;
Lais who laughed a tyrant over Greece,
Lais who turned the lovers from the porch,
that swarm for whom now
Lais has no use;
Lais is now no lover of the glass,
seeing no more the face as once it was,
wishing to see that face and finding this.

«Lais», tidleg 1920-tal[2]

Nær slutten av krigen møtte H.D. den rike engelske forfattaren Bryher (Annie Winifred Ellerman). Dei to hadde eit langvarig forhold, og var sambuarar fram til 1946. Samtidig hadde dei også mange elskarar, og Bryher var gift med Robert McAlmon og Kenneth Macpherson. Bryher og Macpherson adopterte etterkvart H.D. si dotter.

I 1933 drog H.D. til Wien for å gå gjennom psykoanalyse hjå Sigmund Freud. Ho hadde lenge vore fasinert av teoriane hans, og var plaga av paranoia knytt til Adolf Hitler sin framgang og den aukande faren for ein ny verdskrig. Under andre verdskrigen budde ho med Bryher i London, men etter krigen slo H.D. seg ned åleine i Sveits. Bortsett frå vitjinga til USA tibrakte ho resten av livet sitt der. Dei seinare dikta hennar tok opp episke tema som krig og vald frå ei feministisk perspektiv, til dømes med Helen in Egypt (skrive 1952–54), som tok for seg Trojanarkrigen frå eit kvinneperspektiv, eller «Winter Love» der forteljarstemma er Penelope, kona til Odyssevs.

I 1960 blei H.D. som første kvinne tildelt ein American Academy of Arts and Letters-medalje. Etter reisa til USA der ho mottok medaljen fekk ho slag i juli 1961. Ho døydde nokre månader seinare i Klinik Hirslanden i Zürich. Oska hennar blei send tilbake til fødebyen Bethlehem og lagt i familiegrava i Nisky Hill Cemetery. Gravskrifta hennar er henta frå eit tidleg dikt, «Let Zeus Record»:

So you may say,
Greek flower; Greek ecstasy
reclaims forever
one who died
following intricate song's
lost measure.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(ufullstendig)

Dikt[endre | endre wikiteksten]

  • Sea Garden (1916)
  • The God (1917)
  • Translations (1920)
  • Hymen (1921)
  • Heliodora and Other Poems (1924)
  • Hippolytus Temporizes (1927)
  • Red Roses for Bronze (1932)
  • The Walls Do Not Fall (1944)
  • Tribute to the Angels (1945)
  • Trilogy (1946)
  • Flowering of the Rod (1946)
  • By Avon River (1949)
  • Helen in Egypt, New Directions (1961)
  • Hermetic Definition, New Directions (1972)

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Notes on Thought and Vision (1919)
  • Paint it Today (written 1921, published 1992)
  • Asphodel (written 1921–22, published 1992)
  • Palimpsest (1926)
  • Kora and Ka (1930)
  • Nights (1935)
  • The Hedgehog (1936)
  • Tribute to Freud (1956)
  • Bid Me to Live (1960)
  • End to Torment: A Memoir of Ezra Pound, New Directions (1979)
  • HERmione, New Directions (1981)
  • The Gift, New Directions (1982)
  • Majic Ring (written 1943–44, utgjeve 2009)
  • The Sword Went Out to Sea (skrive 1946–47, utgjeve 2007)
  • White Rose and the Red (skrive 1948, utgjeve 2009)
  • The Mystery (skrive 1948–51, utgjeve 2009)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]