Hilde Buer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilde Buer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1958 (66 år)
Bergen
Yrke skribent, agronom

Hilde Buer (fødd 1958) er ein norsk sivilagronom, bonde og forfattar. Ho er fødd i Bergen og vaks opp i Os. Buer har m.a. jobba som marknadssjef i Stormøllen og som fylkesjordsjef i Hordaland. I 1999 flytta ho til øya Grøneng i Flora kommune og starta med villsaudrift, og i 2014 flytta Buer til Værlandet i Askvoll kommune.

I 2011 gav Buer ut «Villsauboka», som både er ei lærebok og ei oppslagsbok. I boka kan ein mellom anna lese om kva som særpregar villsauen, og korleis ein kan få mest mogleg ut av sauehaldet gjennom samspelet med dyra.

I tillegg til å vere forfattar, held Buer kurs og føredrag innan villsaudrift. Ho var med å starta Noregs Villsaulag, er medlem av Genressursutvalg for husdyr og er ein av landets fremste ekspertar på villsau. Buer og Anders Braanaas vart i 2014 tildelt «Økopris Vestlandet». Dette er ein økopris frå Oikos (Økologisk Norge) som årleg vert delt ut til verksemder eller enkeltpersonar som har gjort ein særleg innsats for å fremje økologisk landbruk, forbruk og utvikling.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Villsauen, reven og kjærligheten <videoopptak> = The wild sheep, the fox and love (Bergen: Embla film)  [Reg.: Anne Magnussen. 1 videoplate (DVD)(28 min)]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]