Hilde Frafjord Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilde Frafjord Johnson

Fødd29. august 1963 (60 år)
Arusha
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, antropolog, diplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Hilde Frafjord Johnson (fødd 29. august 1963 i Arusha i Tanzania) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti og nestsjef i UNICEF. Ho var innvald stortingsrepresentant frå Rogaland i periodane 1993-1997 og 1997-2001, og var då medlem av Stortinget sin energi- og miljøkomite. Frafjord Johnson var statsråd for utviklings- og menneskerettsaker i Utanriksdepartementet (Utviklingsminister) i den første Bondevikregjeringa frå 1997 til 2000, og statsråd for utviklingssaker i Regjeringa Bondevik II i same departement i åra 2001-2005. (Det konstitusjonelle ansvaret for menneskerettsaker låg i den siste perioden hos utanriksministeren, Jan Petersen, men Frafjord Johnson hadde eit tilretteleggaransvar for desse sakene). Frå perioden som politikar blir ho hugsa for historisk høg satsing på bistand, og for hennar aktive rolla i forsøket på å få i stand ei fredsavtale for Sudan.

Johnson var frå mars 2006 til juni 2007 engasjert som spesialrådgjevar i Afrikabanken, med ansvar for å utvikle ny strategi for verksemda til banken. I juni 2007 vart ho utnemnd til nestsjef i UNICEF med tiltreding i midten av august. Ho vart dermed den då høgast plasserte nordmannen i SN-systemet.

Hilde Frafjord Johnson er cand.polit. med hovudfag i sosialantropologi frå Universitetet i Oslo i 1991, og med historie og statsvitskap i fagkrinsen. Ho har arbeidd som journalist, og som konsulent i Ressursavdelinga i Utanriksdepartementet. Ho har hatt fleire verv i Kristeleg Folkeparti, og var nestleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 1986 til 1987.

Ho er ugift.

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]