Hilde Fredriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilde Fredriksen
Fødd 31. mars 1960
Grorud
Yrke idrettsutøvar, fysioterapeut

Hilde Fredriksen (fødd 30. mars 1960) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Ho vann i tida 1977-86 til saman 18 NM-gull fordelt på 100 meter hekk, 400 meter hekk, lengdehopp og femkamp. I løpet av sine aktive år sette og forbetra ho 28 norske rekordar i hekkeløp. Fredriksen sin noregsrekord på 400 meter hekk frå august 1983 stod i bortimot 33 år. Ho var medlem 1977-80 i Grorud Idrettslag, 1981-85 i Oslo Idrettslag og 1986-89 i IK Tjalve.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fredriksen slo gjennom sommaren 1977, 17 år gammal. På 100 meter hekk sette ho landsrekord med 14,1 på Bislett stadion i juli månad og med 14,0 i København i august månad 1977. Også på langhekken sette ho same sommaren norske rekordar, fyrst med 60,0 og straks etter 59,6 sekundar. I 1978 tok Fredriksen noregsrekorden på korthekken til 13,8 på Bislett i juni og til 13,6 i Steinkjer i august, før ho under EM 1978 oppnådde ho 13,63. På langhekken flytta ho rekorden til 58,4 i Larvik og 1. september presterte ho 58,12 under europameisterskapen i Praha.

I 1980 heldt Fredriksen fram med å forbetre dei norske rekordane i hekkeløp. Den 31. mai kom ho på korthekken inn på 13,60 sekundar i Steinkjer og 29. juni fekk ho den manuelt tekne tida 13,4 i Porsgrunn. På dagen to månader etter siste elektroniske rekord, viste klokka 13,59 på Bislett stadion den 31. juli. Tidlegare i månaden forbetra ho landsrekorden på langhekken til 57,62 sekundar i svenske Varberg. Etter som 400 m hekk i 1980 ikkje stod på OL-programmet, vart det halde ein uoffisiell verdsmeisterskap i Sittard i Nederland. Her sprang Fredriksen på 57,44 i forsøket. I finalen forbetra ho seg til 56,85 sekundar og enda med det på sjetteplassen.

Sommaren 1981 senka Fredriksen noregsrekorden til 13,58 på Raufoss den 30. mai og til 13,55 i Göteborg den 16. juni. Allereie 26. juni på Bislett stadion oppnådde ho 13,39 sekundar. Den 29. august fekk ho den manuelle tida 13,3 under eit stemne i Årdal.

Den 31. juli 1983 vart Fredriksen tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen etter å ha sett meisterskapsrekord på 400 meter hekk på 56,92 sekundar, ein rekord som vart sletta fyrst i 2017. I dei komande vekene forbetra ho noregsrekorden i øvinga til 56,66 i Helsinki og der etter den 20. august i Sittard sette ho sin siste rekord med 56,33 sekundar.

Etter 1983-sesongen slutta Fredriksen med langhekk, i staden satsa ho meir på lengdehopp. Nettopp i 1983 vann ho den hittil (2017) skarpaste lengdetevlinga for kvinner i noko noregsmeisterskap. I medvind sigra ho med 6,48 meter, framom Heidi Benserud med 6,36 m og Mette Karin Ninive med 6,32 m. Sin siste personlege rekord sette Fredriksen med eit lengdehopp på 6,40 m i Luzern i 1986.

Noregsmeister[endre | endre wikiteksten]

  • 100 meter hekk: 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982, 1985 og 1986 (8)
  • 400 meter hekk: 1977, 1978, 1980, 1981 og 1983 (5)
  • Lengdehopp: 1983, 1985 og 1986 (3)
  • Femkamp: 1977 og 1980 (2)

Prestasjonar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (nr 13 – 58,35), og i forsøka på 110 m hekk (nr 18 – 13,63)
  • VM 1983 i Helsinki: Utslått i semifinalane 400 m hekk (nr 16)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]