Hilde Haugsgjerd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilde Haugsgjerd
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1952 (71 år)
Yrke politikar, journalist, redaktør
Politisk parti Raud Valallianse, Arbeidernes kommunistparti
Ektefelle Sigurd Allern Sjå dette på Wikidata
Prisar Nynorsk redaktørpris, Årets kvinnelige medieleder

Hilde Haugsgjerd (fødd 7. juli 1952) er ein norsk redaktør, journalist og tidlegare RV-politikar. Ho vart tilsett som sjefredaktør i Aftenposten i 2009, og var sjefredaktør i Dagsavisen 2001–2004. Ho er tidlegare partileiar for Raud Valallianse.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Haugsgjerd er barnebarn av biskop Johannes Smemo. Ho var gift med Sigurd Allern 1972–1977, og er no gift med Jan Wølneberg, produktsjef i Kommuneforlaget.

Politisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

På 1970- og byrjinga av 1980-talet var Hilde Haugsgjerd aktiv i Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistane), Raud Valallianse (RV) og Raud Ungdom (RU). Ho sat i leiinga i RU på 1970-talet, og var frå 1979 til 1980 redaktør for tidsskriftet til organisasjonen Rebell. Ho var leiar i RV frå 1979 til 1981.

Haugsgjerd melde seg ut av desse organisasjonane i 1982 og har ikkje sidan vore medlem av noko parti.

Karriere som journalist[endre | endre wikiteksten]

Haugsgjerd er utdanna ved Norsk journalisthøgskole (no Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (HiO)). Ho har vore journalist og kommentator i Dagbladet, informasjonsdirektør for Rikshospitalet, og deretter ansvarleg redaktør i Dagsavisen (2001–2004). Som sjef for Dagsavisen vart ho i 2004 konfrontert med at ho valde å halda fram å utgje redaktørproduserte avisar under ein streik blant dei tilsette mot leiinga.[1]

I 2004 vart ho tilsett som redaktør for Aftenposten Aften, lokalavisa til Aftenposten for Oslo-området. I 2007 vart ho administrativ redaktør i Aftenposten, og i 2008 vart ho konstituert som sjefredaktør etter at Hans Erik Matre tok permisjon. Ho vart tilsett i stillinga i desember 2009. I august 2013 kunngjorde ho at ho ville trekkja seg frå stillinga som sjefredaktør.[2]

Haugsgjerd har sidan 1. juli 2010 vore leiar i Pressens Faglige Utvalg. Ho har hatt ei rekkje styreverv, m.a. har ho sete i styra for Norsk Redaktøtforening, Mediebedriftenes Landsforening og Universitetet i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hilde Haugsgjerd (red.): Hva skal vi tro? Etter Bjugn-saken, Oslo: Aschehoug, 1994.
  • Hilde Haugsgjerd: Løvetann. Bak murene på Bredtveit kvinnefengsel, Oslo: Aschehoug, 1992.
  • Hilde Haugsgjerd: Gammel og glemt, Oslo: Aschehoug, 1986.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [daud lenkje] http://www.klassekampen.no/artiklar/nyhende/12320/article/item/null%5Bdød+lenkje%5D[daud lenkje]
  2. Redaksjonen (22. august 2013). «Hilde Haugsgjerd slutter som sjefredaktør i Aftenposten». Aftenposten. Henta 21. desember 2015. 
  • Denne artikkelen bygger på Hilde Haugsgjerd frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 14. januar 2O18

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]