Hilde Indreberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilde Indreberg
Fødd 22. oktober 1957 (62 år)
Oslo
Yrke Høgsterettsdommar

Hilde Indreberg (fødd 22. oktober 1957) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett.

Indreberg tok juridisk embetseksamen i 1987 og har tidlegare arbeidd som vitskapeleg assistent ved Universitetet i Oslo, dommarfullmektig og som avdelingsdirektør i lovavdelinga i Justisdepartementet.

Ho var førstekonsulent i Departementet for utviklingshjelp/NORAD fra 1988 til 1989, og deretter lovrådgjevar (førstekonsulent) ved Justisdepartementets Lovavdeling frå 1989 til 1994. Så var ho dommarfullmektig ved Nedre Romerike herredsrett frå 1994 til 1995, før ho gjekk tilbake til stillinga som lovrådgjevar ved Justisdepartementet. I 2000 rykka ho opp til stillinga som avdelingsdirektør i Lovavdelingen, og sat i denne stillinga fram til ho blei utnemnd til høgsterettsdommar i statsråd den 18. januar 2007. Ho tiltredde den 1. april same året.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hilde Indreberg, høyesterettsdommer - Norges Domstoler». www.domstol.no (norsk). Henta 14. september 2017.