Hildebjørg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hildebjørg og Hildeborg er kvinnenamn av norrønt opphav. Dei er sett saman av hildr, 'strid' og bjǫrg, 'berging, vern'. Namna kan også skrivast utan e, som Hildbjørg og Hildborg. Hildebjørg har namnedag den 17. september.

Namnet er sjeldan i Noreg og lite brukt utanfor. På islandsk finst namnet som Hildibjörg og på tysk som Hildburg.

I 2009 var det 69 norske kvinner som heitte Hildbjørg, 50 heitte Hildeborg, 38 Hildebjørg og 17 Hildborg, i alt 174 namnebrukarar.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]