Hildegunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hildegunn er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Det er sett saman av hildr og gunn, som begge tyder 'strid'. Det har namnedag den 17. september.

Namnet har variantar som Hilgunn, Hillgunn og Hildegunna. Ein finn også dei to namneledda i motsett rekkefølge, i namna Gunnhild og Gunnhilde.

Bruken av namnet i Noreg auka frå 1930-åra, og hadde eit høgdepunkt frå midten av 1940-talet til byrjinga av 1980-talet. Bruken låg då på mellom 0,10 og 0,16 %.

I 2009 var det 1 915 norske kvinner som heitte Hildegunn. 142 heitte Hildegun, 25 heitte Hillgunn og 11 heitte Hildgunn.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]