Hildesheim
Hildesheim | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Niedersachsen | ||
Landkreis | Hildesheim | ||
Høgd | 78 m | ||
Areal | 92,29 km² | ||
Folketal | 102 325 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 815 | ||
Postnummer | 31101–31141 | ||
Retningsnummer | 05121 | ||
Bilnummer | HI | ||
![]() Hildesheim 52°09′N 9°57′E / 52.15°N 9.95°E | |||
Wikimedia Commons: Hildesheim |
Hildesheim er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Innerste, som er ei sideelv til Leine.
Den romanske domkyrkja St. Maria frå 800-talet vart øydelagd i 1945, men rekonstruert kort tid etter krigen. Denne og kyrkja Michaeliskirche vart plassert på UNESCO si verdsarvliste i 1985.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart eit sete for Bispedømet Hildesheim i 815. I fire hundre år styrte prestestanden Hildesheim, før det vart bygd eit rådhus og innbyggjarane fekk noko meir påverknad. I 1367 vart Hildesheim eit medlem av Hansaen.
Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen i 1945, særleg 22. mars. Sentrum, som hadde hatt preg av ein mellomalderby fram til då, vart fullstendig jamna med jorda. Etter krigen vart byen bygd opp att i ein ny stil med betongbygningar i staden for dei eldre bygningane. Seint i 1970-åra byrja ein derimot å rekonstruere det historiske sentrumet. Dei firkanta betongbygningane vart rive ned og erstatta med kopiar av dei opphavlege bygningane.
I 1970-åra vart òg universitetet Stiftung Universität Hildesheim oppretta.
![]() |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hildesheim» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2007.