Hillah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Al-Hillah
الحلة
by
Land  Irak
Guvernement Babil
Høgd 34 moh.
Koordinatar 32°29′N 44°26′E / 32.483°N 44.433°E / 32.483; 44.433
Folketal 1 729 666  (2015)
Kart
Hillah
32°29′00″N 44°26′00″E / 32.483333333333°N 44.433333333333°E / 32.483333333333; 44.433333333333
Wikimedia Commons: Hillah

Hillah (arabisk الحلة, òg skrive Hilla eller Al Hillah) er ein by sentralt i Irak ved Hilla-greina av elva Eufrat, 100 km sør for Bagdad. Han er hovudstad i Babil guvernement og ligg like ved oldtidsbyen Babylon, og nær oldtidsbyane Borsippa og Kish. Området er hovudsakleg eit jordbruksområde som får vatn får Hilla-kanalen. Elva renn midt gjennom byen og er omgjeve av daddelpalmar og anna grøn vegetasjon.

Byen var ein gong eit stort islamsk læresenter. Grava til den jødiske profeten Esekiel skal visstnok liggje i den nærliggande landsbyen Al Kifl.

Byen vart eit stort administrativt senter under styret til Det osmanske riket og Det britiske imperiet. På 1800-talet byrja Hilla-kanalen å mudre til og mykje av jordbruksområda gjekk tapt i tørke. Dette vart stogga då Hindiya-demninga vart bygd i 1911–1913, som avleidde vatn frå den djupare Hindiya-greina av Eufrat til Hilla-kanalen.[1] Det var harde kampar her i 1920 under eit opprør mot britane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Money, Robert I. (1917). «The Hindiya-demninga, Mesopotamia». The Geographical Journal 50 (3): 217–222. JSTOR 1779909. doi:10.2307/1779909.