Hillary Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hillary Coast is located in Antarktis
Hillary Coast
Hillary Coast (Antarktis)

Hillary Coast (79°20′S 161°0′EKoordinatar: 79°20′S 161°0′E) er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs vestdelen av Ross isbrem mellom Minna Bluff og Cape Selborne. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 og kalla opp etter Sir Edmund Hillary, leiaren for det newzealandske laget i Commonwealth Trans-Antarctic Expedition, 1956–58. Forskjellige forskarteam frå New Zealand gjorde detaljerte landmålingar av delar av denne kysten og fann ruter opp Skelton Glacier og Darwin Glacier til platået.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hillary Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).