Hillbilly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hillbilly Hot Dogs, ein pølsekiosk nær Huntington i West Virginia.

Hillbilly er eit kallenamn på bønder frå avsidesliggande skog- og fjellstrøk i Sørstatane i USA. Det vert òg nytta om folkemusikken (hillbilly music) som kjem frå desse traktene. Uttrykket har ei stereotypisk tyding og vert ofte rekna som nedsetjande.

Den «klassiske» hillbilly-stereotypen er ein fattig, uvitande, kranglande familie med mange barn som driv med heimebrenning.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«Migrantfamilie frå Arkansas som speller hill-billysongar».
Foto: Dorothea Lange for Farm Security Administration/WPA, 1939

Hillbilly music var ein gong rekna som ein akseptabel merkelapp på det som i dag vert kalla country. Somme artistar, mellom anna Hank Williams Sr., fann uttrykket støytande, sjølv i glansperioden. Uttrykket vart skapt av country-pianisten Al Hopkins,[1] og vart nytta til ut i 1950-åra.

Sjølv om uttrykket hillbilly vert rekna som nedsetjande, vert likevel hillybilly music stundom nytta for å skildre old-time music. Ein av dei første songane som inneheldt ordet hillbilly var «Hillybilly Boogie» av Delmore Brothers i 1946. I 1920-åra vart det spelt inn plater med eit band kalla the Beverly Hillybillies.

Populære songar med stil som var karakteristisk for både hillbilly og afroamerikansk musikk, vart seint i 1940- og tidleg i 1950-åra kalla hillbilly boogie, og i midten av 1950-åra som rockabilly. Elvis Presley var ein kjend rockabilly-artist og vart tidleg i karrieren sin kalla «Hillbilly Cat». Då Country Music Association vart skipa i 1958, forsvann uttrykket hillbilly music gradvis ut. Rockabilly er derimot framleis eit vanleg uttrykk.[2]

Seinare slo musikkindustrien hillbilly-musikk, western swing og cowboy-musikk til den noverande kategorien Country and Western (C&W).

«Gudfaren av bluegrass», Bill Monroe (1911–96) prøvde å distansere seg frå hillbilly-namnet og -utsjånaden då han byrja å spele med gruppa si, Blue Grass Boys, i 1939[3]. Vassar Clements (1928–2005), felemeister hjå Monroe i ei årrekkje. såg annleis på det etter at han braut med Monroe. Han utvikla ei musikkform han kalla «hillbilly jazz». Og seinare vart det skipa bluegrassgrupper som Bluegrass Hillbillies[4], Lovesick Hillbillies Bluegrass Band[5] og Hillbilly Gypsies[6][7].

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger delvis på «Hillbilly» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.
  • Dessauer, Phil "Springfield, Mo.-Radio City of Country Music" (April, 1957), Coronet
  • Hillbilly, A Cultural History of an American Icon, by Anthony Harkins
  • Hillbillyland: What the Movies Did to the Mountains & What the Mountains Did to the Movies, by J. W. Williamson