Hopp til innhald

Hille i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hille
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Kart
Hille i Gulen
60°59′02″N 4°50′17″E / 60.983889°N 4.838194°E / 60.983889; 4.838194

Hille er ei øy i Gulen kommune i Vestland. Hille er den femte største øya i kommunen. Under folketeljinga i 2001 budde det 41 menneske i Hille grunnkrins, men denne omfattar òg mange andre øyar, m.a. Grima, Koksøyna, Store og Litle Kvernøyna og Kversøyna.

Dei andre store øyane i Gulen (Mjømna, Sandøyna, Byrknesøy og Hisarøy) har fått brusamband til no, men dei som bur på Hille er avhengige av båt. Fjord1 Fylkesbaatane køyrer dagleg innom Nordøyane, som inkluderer Hille. Ungane som veks opp på Hille, går på skule på Byrknesøy, der dei som bur på Hille også har postadresse.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2]
17 12
  1. Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet