Hilmar Meincke Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilmar Meincke Krohg

Hilmar Meincke Krohg på eit måleri frå Eidsvoll 1814
Fødd1. januar 1776
Trondheim
Død13. august 1851 (75 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, Fylkesmann
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MorAnna Meincke Krohg
FarNicolai Frederik Krohg
BarnOtto Theodor Krohg
Alle verv

Hilmar Meincke Krohg (fødd 1. januar 1776 i Trondheim, død 13. august 1851 i Molde)[1] var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Krohg gjekk ut av Trondheim katedralskole i 1794. Deretter studerte han jus ved universitetet i København, men oppheldt seg i Noreg 1795-97. Han tok juridisk embetseksamen i 1799. Han gjorde teneste som volontør i Danske Kancelli og arbeidd som privatsekretær for presidenten i kanselliet, Frederik Moltke.[1] Han reiste til Noreg og dreiv eigedomane Munkvoll og Kystad i Trondheim etter faren døydde.

Nøjsomhed i Molde, amtmannsgarden til Hilmar Meincke Krohg fotografert i 1941. Krohg kjøpte garden av føregjengaren sin Ole Hannibal Sommerfelt i 1812.[2]

Krohg vart utnemnd til amtmann i Finnmarken i 1807. Fire år seinare, 1811, overtok han amtmannsembetet i Romsdals amt. Frå 1811 til januar 1814 var han elles konstituert stiftamtmann i Trondhjems stiftamt. Han var amtmann i Romsdal i 29 år, tok avskjed 1840 med kongens «naadigste Tilfredshed med hans lange og tro Tjeneste».

1814 møtte Krohg på riksforsamlingaEidsvoll, kor han slutta seg til sjølvstendepartiet.[3] Han var visepresident 9.-16. mai, og medlem av finanskomiteen. Møtte på det overordentlege storting 1814, der han var lagtingspresident, men møtte ikkje i 1818 då han var sjuk. Innvald til stortinget på nytt i 1824 og i 1830. I 1824-sesjonen var han formann i komiteen for handels- og næringsfridom, og komiteen for utvikling av Finnmark.

År 1826 reiste Krohg rundt om i Finnmarken som formann i den kongelege kommisjonen som skulle kome forslag til åtgjerder som kunne hjelpe på utviklinga ("oppkomst") av amtet. 1830 var han på ny formann i komiteen som arbeidde med å utvikle Finnmark, og formann i kyrkjekomiteen.

Krohg døydde på garden sin, Nøjsomhed, i dåverande Bolsøy (no Molde).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Krohg var son av generalvegmeister Nicolai Frederik Krohg og Anna Meincke og bror av Broder Lysholm Krohg. Hilmar Meincke Krohg gifta seg med Cecilia Edel Sophie Stub og fekk mellom anna sonen Otto Theodor Krohg.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Krohg vart tildelt Dannebrogordenen, Nordstjerneordenen og Vasaordenen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Terje Bratberg. «Hilmar Krohg». Norsk biografisk leksikon. Henta 3. september 2016. 
  2. Christ Allan Sylthe (2014). «Hilmar Meincke Krohg og Nøisomhed i Molde». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 418. ISBN 978-82-02-44564-5. 
  3. «Hilmar Meincke Krohg (1776-1851)». Eidsvoll 1814. Henta 3. september 2016.