Hilmar Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilmar Strøm
Visittkortportrett Hilmar Martinius Strøm - SAS1982-19-014.jpg
Fødd 30. august 1817
Død

7. mars 1897 (79 år)

Yrke politikar, jurist

Hilmar Martinus Strøm (30. august 18177. mars 1897) var ein norsk embetsmann frå Trondheim som møtte på Stortinget i tida 1859-66, der han representerte Ålesund og Molde.

Strøm var son til ein kjøpmann i Trondheim. Han vart student i 1838 og cand.jur. frå universitetet i Christiania i 1845. Åra fram til 1850 var han sorenskrivarfullmektig i Lofoten, og deretter kopist i Justisdepartementet i sju år. I 1857 søkte han seg til Ålesund, der kona Anne Margrete Rønneberg, eldste dotter til den rike Carl Elias Rønneberg, var frå. Han var så byfut i Ålesund i tolv år, før han avslutta arbeidslivet som sorenskrivar i Karmsund i tida 1869-91.

Strøm representerte bykrinsen Ålesund på Stortinget 1859-60, då han var sekretær i Bankkomiteen. Sidan vart han vald til stortingsmann frå bykrinsen Ålesund og Molde. Han var 1862-63 medlem i Protokollkomiteen, møtte på Omframtstortinget 1864 og sat både i Lagtinget og var medlem i Bankkomiteen i 1865-66. I 1874 var han medlem av ein kongelege kommisjon om lensmannløner.

Strøm døydde i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]