Himalgruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Himalgruppa, Dalle du Tibet, Khumbudekket eller Lumbasumbadekket er ei nesten 10 km tjukk lagrekkje av krystalline metamrofe bergartar i Høge Himalaya, som er høgdeområda i Himalaya.

Gruppa blir delt i tre eller fire einingar. Nedst finst kyanitt- til sillimanitt-gneis, som er den mest utbreidde bergarta i Himalgruppa. Deretter følgjer pyroksenhaldig marmor og gneis, som er overlagra av bandgneis. Øvst finst augegneis. Himalgruppa er avgrensa av Den nordhimalayske forkastinga i nord og til den sentrale hovudforkastinga i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]