Hopp til innhald

Himarë

Himarë
Χειμάρρα
Utsyn mot Himarë
Utsyn mot Himarë
Utsyn mot Himarë
Kommunevåpenet til Himarë
Kommunevåpen
Land
Region
Albania
Vlorë
Flatevidd
  Kommune

572 km²
Innbyggjarar[1]
  Kommune (2023)
  Byområde

8 328
3 901
Koordinatar 40°32′0″N 19°38′0″E / 40.53333°N 19.63333°E / 40.53333; 19.63333
Høgd 90, 3 m
Tidssone CET (UTC+1)
Nettstad: http://www.himara.gov.al/
Himarë kommune innafor regionen Vlorë
Himarë kommune innafor regionen Vlorë
Himarë kommune innafor regionen Vlorë

Himarë eller Himara (gresk Χειμάρρα, Khimárra) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Han ligg ved Den albanske rivieraen sør i Albania og grensar i aust til regionen Gjirokastër.

Den tospråklige tradisjonelle regionen Himarë omfattar byen og sju landsbyar og er hovudsakleg folkesett av etniske grekarar. Regionen er om lag 20 km lang og 5 km brei og grensar til dei 2000 meter høge Llogara-fjella i nordaust og Det joniske havet i sørvest. Det er lange kvite sandstrender og nokre få åsar nær sjøen med oliven- og sitrustre.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Himarë vart slått saman med landkommunane Lukovë og Horë-Vranisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Himarë.

Fram til år 2000 var den tidlegare bykommunen saman med landkommunen Horë-Vranisht ein del av distriktet Vlorë, medan Lukovë var ein del av distriktet Saranda.[3] Den dåverande bykommunen omfatta byen Himarë og busetnadene:[2]

  • Pilur
  • Kudhës
  • Qeparo fshat
  • Qeparo Fushë
  • Vuno
  • Iliaz
  • Dhërmi
  • Gjilekë
  • Palasë
KommunaleiningFolketal 2011[4]Folketal 2023[1]
Himarë2 8223 901
Lukovë2 9162 578
Horë-Vranisht2 0801 849
Kommunen Himarë 7 818 8 328

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Censusi i popullisë dhe baneshave në Shqipëri 2023: Vlora» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2024. Henta 18. mars 2025.
  2. 1 2 «Ligj nr. 115/2014: Për ndarjen administrativo-territoriale të njësive të qeverisjes vendore në Republikën e Shqipërisë». Fletorja Zyrtare: Viti 2014 – Numri 137 (på albansk og engelsk). qbz.gov.al. 2013. Henta 12. mars 2025.
  3. «Ndarja administrative-territoriale e vitit 2000» (på albansk). ShtetiWeb. Henta 12. mars 2025.
  4. «Censusi i popullisë dhe baneshave: Vlorë 2011» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2013. Henta 18. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Himarë