Himmelbjerget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Himmelbjerget
Himmelbjerget - Panorama av Himmelbjerget med Julsø i bakgrunnen
Panorama av Himmelbjerget med Julsø i bakgrunnen
Høgd over havet 147 m
Ligg i/på Danmark
Koordinatar 56°6′18.53″N 9°41′6.1″E
Himmelbjerget med dampskipet Hjejlen føre

Himmelbjerget er ein ås i Skanderborg kommune (tidlegare i Ry kommune) i Danmark. Med ei høgd på 147 meter er det eit av dei høgaste punkta i landet.

Den høge åsen er ein populær turiststad på grunn av dei vakre omgivnadane og den flotte utsikten. Ein kan ta den historiske dampbåten «Hjejlen» til Himmelbjerget frå Silkeborg.

På toppen av åsen står det eit 25,1 m høgt tårn, som vart reist til ære for kong Frederik 7. og rolla han hadde i å forme den danske grunnlova i 1849. Nær toppen er det fleire monument, til ære for andre personar, i tillegg til eit minne om kvinnene si stemmerett i Danmark i 1915.