Himmelseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Himmelseng frå ikring 1500 i det kongelege soverommet på slottet Château de Blois i Loir-et-Cher i Frankrike. Senga har forgylte utskjeringar, og golvet i rommet har monogrammet til kong Henrik (Henri) IV av Frankrike.
Miniatyrmåleri som syner at Ludvig (Louis) VIII av Frankrike (1187–1226) kom til verda i ei himmelseng. Men då «himmelen» ikkje vert halde oppe av stolpar i hjørna på senga, vert denne typen senger ofte kalla baldakinsenger, ikkje himmelsenger.
Baldakinseng i empirestil som har vore eigd av Joséphine de Beauharnais, Château de Malmaison.
Himmelseng eigd av admiral Horatio Nelson (1758–1805).

Himmelseng er ein type seng med sitt eige tak eller himling, og det et dette taket som er «himmelen» som har gjeve namn til denne typen senger. «Himmelen» vert vanlegvis halden oppe av ei stolpe i kvart hjørne av senga, laga som ei forlenging av sengebeina. Ofte er det hengt opp tunge forheng i ramma eller sargen på «himmelen».

Himmelsenger har eksistert sidan mellomalderen, og markerte eigarens høge sosial status,[1] ettersom soverommaslott og i herskapshus i tidlegare tider var stader der ein gjerne tok imot visittar. På 1600-talet vart denne sengetypen populær hjå dei velsituerte byborgarane ikring i Europa. Utforminga av sengene fylgde dei rådande stilretningane i møbelkunsten, barokk, rokokko og klassisisme.

I dag kan ein henga opp myggnett på ei rame som i ei himmelseng for å verna seg mot mygg om natta.

Himmelsenger i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Himmelsenger var ikkje berre eit byfenomen i Noreg, men mykje nytta på bygdene frå 1700-talet og fram til på 1800-talet. Sengene var ofte utforma i renessansestil, ei stilretning som oppstod i tida etter mellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The History of the Four Poster Bed, Fourposterbed.co.uk, arkivert frå originalen 7. juli 2015, henta 19. august 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Himmelseng