Hopp til innhald

Hinata Miyazawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinata Miyazawa
宮澤 ひなた
Personleg informasjon
Fødd 28. november 1999
Fødestad Minamiashigara
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 20
Ungdomsklubbar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2018–2020 Tokyo Verdy Beleza 52 (13)
2021–2023 Mynavi Sendai 39 (4)
2023– Manchester United 31 (2)
Landslag
2016 Japan U-17 6 (1)
2018 Japan U-20 6 (1)
2018– Japan 47 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2025
‡ Landslagsmål oppdatert 8. april 2025

Hinata Miyazawa (fødd 28. november 1999) er ein japansk fotballspelar som spelar for Manchester United i Women’s Super League og Japan.

Miyazawa vart toppskårar i VM 2023, der Japan rauk ut av meisterskapen i kvartfinalen.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Tokyo Verdy Beleza og Mynavi Sendai

[endre | endre wikiteksten]

Miyazawa gjekk til Tokyo Verdy Beleza i 2018, og fekk prisen for beste unge spelar i Nadeshiko League.[1] Ho drog så til Mynavi Sendai, i forkant av den fyrste sesongen av WE League (den øvste profesjonelle ligaen for kvinner i Japan), i 2021.[2]

Manchester United

[endre | endre wikiteksten]

Den 6. september 2023 skreiv Miyazawa kontrakt med Manchester United, og den 7. september var ho ein av tretti spelarar som vart nominerte til gullballen.[3][4] Ho spelte sin fyrste kamp for Manchester United mot Leicester City den 15. september 2023.[5] Hennar fyrste målgjevande kom mot West Ham i ein kamp som vart spelt 12. november 2023; ho skåra sitt fyrste mål for Manchester United i ein kamp mot Bristol City den 26. november 2023.[6][7]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Miyazawa vart for fyrste gang tatt ut i troppen til det japanske U17-landslaget, i forkant av U17-VM i 2016. Ho spelte alle dei seks kampane i meisterskapen, der Japan enda på 2. plass.[8] I august 2018 vart ho tatt ut i troppen til det japanske U20-landslaget, som skulle spele U20-VM i 2018.[9] Miyazawa spelte alle dei seks kampane, og i finalen mot Spania skåra hun det fyrste målet i kampen. Japan vann finalen 3–1, og vann med det sin fyrste U20-VM tittel.[10]

Den 11. november 2018 spelte Miyazawa sin fyrste kamp for det japanske A-landslaget, som vann 4–1 i ein kamp mot Noreg. Miyazawa byrja kampen på innbyttarbenken, og vart bytta inn etter 78. minutt.[11]

Den 13. juni 2023 vart Miyazawa tatt ut i troppen som skulle spele VM i Australia og New Zealand.[12]

Den 22. juli 2023 skåra Miyazawa det fyrste og det tredje målet i VM-kampen mot Zambia, som enda 5–0 til Japan.[13] Miyazawa vart også kåra til kampens beste spelar. Den 31. juli skåra ho to mål mot Spania, som til slutt vart verdsmeistrar. Hun hadde også ein målgjevande i same kamp.[14]

Den 8. august skåra Miyazawa eit sjølvmål mot Noreg i åttededelsfinalen, og 3–1-målet, slik at Japan gjekk videre til kvartfinalen.[15] Også i denne kampen vart ho kåra til kampens beste spelar. I kvartfinalen vart Japan slått ut av Sverige.[16]

Miyazawa vann gullskoen som toppskårar i verdsmeisterskapen, med fem mål.[17]

Karrierestatistikk

[endre | endre wikiteksten]
Oppdatert 1. juli 2024 [18]
Klubb Sesong Liga Nasjonalcup Ligacup Internasjonalt Totalt
Divisjon Kampar Mål Kampar Mål Kampar Mål Kampar Mål Kampar Mål
Tokyo Verdy Beleza 2018 Nadeshiko League 16 4 5 0 8 2 - 29 6
2019 18 3 4 0 9 2 2 0 33 5
2020 18 6 5 3 - - 23 9
Totalt 52 13 14 3 17 4 2 0 85 20
MyNavi Sendai 2021/22 WE League 19 3 1 0 - - 20 3
2022/23 20 1 1 0 5 0 - 26 1
Totalt 39 4 2 0 5 0 0 0 46 4
Manchester United 2023/24 WSL 12 1 1 0 2 0 2 0 17 1
2024/25 19 1 5 0 4 0 0 0 28 1
Totalt 31 2 6 0 6 0 2 0 45 2
Totalt i karrieren 122 19 22 3 28 0 4 0 176 26
Oppdatert 1. juli 2025[19]
Landslag År Kampar Mål
Japan 201810
201910
202000
202120
2022134
2023165
202490
202550
Totalt479

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Tokyo Verdy Beleza

[endre | endre wikiteksten]
  • Nadeshiko League: 2018,[20] 2019[21]
  • Empress’s Cup: 2018,[22] 2019,[23] 2020[24]
  • Nadeshiko League Cup: 2018,[25] 2019
  • AFC Women’s Club Championship: 2019[26]

Manchester United

[endre | endre wikiteksten]
  • FA-cupen: 2023/24[27]
  • Aust-Asiameisterskapen: 2022[28]

Individuelle

[endre | endre wikiteksten]
  • WE League Valuable Player Award: 2021/22, 2022/23
  • Gullskoen (VM): 2023[29]
  • IFFHS Women’s World Team of the Year: 2023[30]
  1. 日本女子サッカーリーグ. «2018年度プレナスなでしこリーグ/プレナスチャレンジリーグ表彰式 最優秀選手は初受賞、田中美南選手に決定! | ニュース». 日本女子サッカーリーグ オフィシャルサイト (på japansk). Henta 6. november 2024.
  2. «宮澤ひなた選手移籍のお知らせ | 東京ヴェルディ / Tokyo Verdy». www.verdy.co.jp (på japansk). Henta 6. november 2024.
  3. «Manchester United: World Cup Golden Boot winner Hinata Miyazawa signs». BBC Sport (på engelsk). 6. september 2023. Henta 6. november 2024.
  4. «2023 Women's Ballon d'Or Results». www.topendsports.com. Henta 6. november 2024.
  5. «Manchester United 1-1 Leicester City: Maya Le Tissier secures draw for hosts». BBC Sport (på engelsk). 15. oktober 2023. Henta 6. november 2024.
  6. «Bristol City 0-2 Manchester United: Hinata Miyazawa and Nikita Parris on target». BBC Sport (på engelsk). 26. november 2023. Henta 6. november 2024.
  7. «Manchester United 5-0 West Ham United: Red Devils six unbeaten». BBC Sport (på engelsk). 12. november 2023. Henta 6. november 2024.
  8. «FIFA U-17 Women’s World Cup Jordan 2016: Japan». Arkivert frå originalen 11. november 2018. Henta 6. november 2024.
  9. «FIFA U-20 Women’s World Cup France 2018: Japan». Arkivert frå originalen 20. august 2018. Henta 6. november 2024.
  10. 1 2 «FIFA U-20 Women’s World Cup France 2018: Final». Arkivert frå originalen 30. september 2020. Henta 6. november 2024.
  11. «Starting Lineup/Result | Information | Nadeshiko Japan | JFA». www.jfa.jp. Henta 6. november 2024.
  12. «Women's World Cup 2023: Mana Iwabuchi left out of Japan's World Cup squad». BBC Sport (på engelsk). 13. juni 2023. Henta 6. november 2024.
  13. C, Group. «Zambia vs. Japan - Final Score - July 22, 2023». FOX Sports (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  14. «Japan 4-0 Spain: Hinata Miyazawa scores twice in impressive win». BBC Sport (på engelsk). 31. juli 2023. Henta 6. november 2024.
  15. «Japan 3-1 Norway (Aug 5, 2023) Final Score». ESPN (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  16. «Sweden 2-1 Japan (Aug 11, 2023) Final Score». ESPN (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  17. «Japan's Hinata Miyazawa Wins Golden Boot At Women's World Cup». Fannation Futbol (på engelsk). 20. august 2023. Henta 6. november 2024.
  18. «Hinata Miyazawa». Henta 6. november 2024.
  19. «Hinata Miyazawa». Japan Football Association. Arkivert frå originalen 25. juli 2023. Henta 1. november 2023.
  20. «Nadeshiko League 1». Henta 6. november 2024.
  21. «Nadeshiko League 1 2019». Henta 6. november 2024.
  22. «皇后杯 JFA 第40回全日本女子サッカー選手権大会». JFA|公益財団法人日本サッカー協会 (på japansk). Henta 6. november 2024.
  23. «日テレ・ベレーザ vs 浦和レッズレディース 試合情報|皇后杯 JFA 第41回全日本女子サッカー選手権大会|JFA.jp». JFA|公益財団法人日本サッカー協会 (på japansk). Henta 6. november 2024.
  24. «日程・結果|皇后杯 JFA 第42回全日本女子サッカー選手権大会|JFA.jp». JFA|公益財団法人日本サッカー協会 (på japansk). Henta 6. november 2024.
  25. 日本女子サッカーリーグ. «日程・結果». 日本女子サッカーリーグ オフィシャルサイト | なでしこリーグ (på japansk). Henta 6. november 2024.
  26. «AFCS». stats.the-afc.com. Henta 6. november 2024.
  27. «Women's FA Cup final: Manchester United beat Tottenham to win first major trophy». BBC Sport (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  28. «EAFF E-1 Football Championship 2022 Final Japan». EAFF : EAST ASIAN FOOTBALL FEDERATION (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  29. Fisher, Grace (20. august 2023). «Hinata Miyazawa wins Golden Boot at Women's World Cup». HerSport.ie (på engelsk). Henta 6. november 2024.
  30. «IFFHS». iffhs.com. Henta 6. november 2024.