Hinchinbrookøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinchinbrookøya
Kart over Hinchinbrookøya

Hinchinbrookøya (engelsk Hinchinbrook Island) er ei stor øy ved kysten av Nord-Queensland i Australia. Ho er ein del av marinvernområdet ved Det store barriererevet, og så godt som heile øya er verna som nasjonalpark. Hinchinbrook er 52 km lang og 10 km brei. Øya har ei flatevidd på 395 km² medan nasjonalparken dekkjer 399 km². Han er dermed den største øy-nasjonalparken i Australia.

Hinchinbrookøya ligg aust for Cardwell og nord for Lucinda. Øya er dekt av regnskog, har fleire sandstrender og mangroveskog. Hinchinbrook-kanalen som skil øya frå fastlandet er ein oversvømt elvedal. Midt på øya ligg Bowen-fjellet, ein utdøydd vulkan på 1 142 moh. som er den tredje høgaste toppen i Queensland.

Øya blei namngjeven av kaptein Cook i juni 1770, som kalla henne opp etter Hinchingbrooke House, landeigedommen til George Montague Dunk, som hadde støtta oppdagingsferda hans. Det blei først slått fast at Hinchinbrook var ei øy under vidare utforsking i 1819.

Eit mindre turistføretak, Hinchinbrook Island resort, opna her i 1970-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]