Hindugudar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hinduismen er kjend for å ha fleire tusen ulike guddommar, og blir ofte halden fram som ein typisk polyteistisk religion. Samstundes hevdar mange hinduar at alle gudane berre er sider av det same, upersonlege verdsaltet, brahman, slik at religionen deira i røynda er monoteistisk.

Korleis det enn er, inneheld hinduismen ei rekke store og små kultar for ei rekke ulike gudar. Det finst gudar av alle slag; for ulike kastar og kjønn, for yrkesgrupper og landsbyar, for naturfenomen og livshendingar. Samstundes finst det store guddommar som blir dyrka over heile India. Sjiva og Visjnu og konene deira, Parvati og Laksjmi, eller morgudinna Devi, kjend i former som Durga, Ammavaru, Mariamman og Kali, er blant dei viktigaste. Det er vanleg for enkeltpersonar eller familiar å ha ein «hovudgud», men dei kan og tilbe andre gudar.

Det er ikkje noko forbod mot å framstilla gudar som bilde eller skulpturar innan hinduismen; tvert imot meiner ein at gudebilde får ei guddommeleg kraft. Det å få augekontakt med eit gudebilde, darsjan, er ein viktig del av tilbedinga. Samstundes kan ein tilbe mange gudar i form av ting som ikkje har menneskeform, til dømes tre og steinar.

Mange hindugudar har ei noko uvanleg form. Mange av dei blir framstilde med fleire par armar for å få fram fleire ulike eigenskapar. I tillegg finst underlege skikkelsar: Hanuman blir vist som eit apemenneske, Ganesja har elefanthovud, Vamanavataram er ein dverg, medan Ardhanarisvara er halvt mannleg og halvt kvinneleg.

Gudegalleri[endre | endre wikiteksten]

Visjnukretsen[endre | endre wikiteksten]

Sjivakretsen[endre | endre wikiteksten]

Deviformer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hindugudar