Hinkestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paradis med hinkestein.

Hinkestein, hinkeleike, hinketakke eller hinke er ein flatvoren gjenstand som blir brukt i mange variantar av barneleiken paradis. Dette er eit objekt som skal kastast eller sparkast i ruter på bakken og bli liggjande der ein ønsker. Ein kan bruka ting ein har funne eller spesiallaga hinkesteinar til føremålet. I leikar der mange steinar er i spel samtidig, er det viktig at dei er litt ulike slik at ein kan skilja dei frå kvarandre.

Funne hinkesteinar[endre | endre wikiteksten]

Det er svært vanleg å bruka ein liten, flat stein til å hoppa paradis. I nokre høve kan steinen målast. Anna materiale brukt til hinkesteinar kan vera myntar, blekkboks, ballar laga av samanpressa blad eller bitar av tre, metall, tau, gummi eller liknande. Eit døme på gjenbruk av ting til hinkestein er ein amerikansk lærar som samla gamle hælar av skosålar til denne bruken. Hockeypuck kan også brukast til hinkestein.

Spesiallaga hinkesteinar[endre | endre wikiteksten]

Dekorative hinkesteinar av glas frå Sunderland.

Nokre stader har ein også brukt ein spesiallaga hinkestein. Dette kan vera ei skive eller ein låg sylinder av glas eller gummi. Erteposar blir også brukt, og laga, som hinkestein.

Danske glasblåsarar byrja laga hinkesteinar av glas, eller paradisplatter, på slutten av 1800-talet. På 1920-talet byrja danske glasverk å produsera dei kommersielt. Fyns Glasværk i Odense byrja produksjon i 1920-åra og sidan følgde Holmegaard Glasværk. Hinkesteinane var laga av einsfarga glas med mønster eller bilete i relieff. Vanlege motiv var blomar, dyr, stjernebilete og eventyrfigurar, særleg H.C. Andersen-figurar. Slike forseggjorte hinkesteinar er blitt samleobjekt i nyare tid. På 1990-talet vurderte ein å forby hinkesteinar av glas i Danmark i tråd med endra tryggleiksreglar for leiketøy (standard DSEN 71-1). Dette blei seinare trekt tilbake.

I USA blir det laga hinkesteinar av fleirfarga gummi kalla «Hoppy Taw». Desse er litt over 7 cm i diameter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]