Hintere Eggenspitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hintere Eggenspitze
fjell
Eggenspitzen von der Ultner Hochwart.png
Frå venstre; Vordere Eggenspitze, Hintere Eggenspitze og Lorchenspitze
Land {{landdata Italia Italia landflagg2 namn = Italia Italia variant = storleik =

}}

Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 443 m moh.
Førstestiging 1868
Koordinatar 46°28′44″N 10°46′37″EKoordinatar: 46°28′44″N 10°46′37″E
Wikimedia Commons: Eggenspitze

Hintere Eggenspitze (italiensk: Cima Sternai) er ein 3 443 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Trento.

Frå fjelltoppen strekker markante eggar seg i fleire retningar. Mot aust ser fjellet ut som ein symmetrisk stein- og ispyramide. Om sommaren vert toppen ofte besøkt då han lett å nå frå fjellhytta Höchster Hütte. Vinterstida leier fleire slitsame skitur-ruter til topps på tinden.

Hintere Eggenspitze vart besøkt fyrste gongen den 30. juli 1868 av kartografen og alpeforskaren Julius Payer og fjellføraren Johann Pinggera frå Sulden. Dei kleiv opp vestveggen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]