Hipparkhos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hipparkhos
Hipparchus by Raphael.jpg
Hipparkhos i «Atenskulen» av Rafael.
Fødd ca. 190 f.Kr.
Nikaea
Død

ca. 120 f.Kr.
Ródos, Den romerske republikken

Yrke astronom, matematikar, geograf
Hipparkhos på Commons

Hipparkhos frå Nikea (fødd ca. 190 f.Kr., død ca. 120 f.Kr.) var ein gresk astronom. Det er fortenesta hans at den greske astronomien i antikken utvikla seg frå rein skildring til ein vitskap. Han førte kunnskapane til babylonarane i astronomi til den greske verda. Mellom anna introduserte han babylonarane si inndeling av sirkelen i 360° i Europa.

Hipparkhos gjorde ei presis utrekning av lengda på året – 365 dagar, 5 timar og 55 minutt. Han mælte lengda på månaden til 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 2,5 sekund – eit avvik på eitt sekund frå det korrekte. Han rekna ut avstanden til sola, og fann at han er kortast 4. januar og lengst på 4. juli. Til desse utrekningane måtte han gjera forbetringar innanfor trigonometrien.

Ved å studere babylonske registreringar av måneformørkingar fann han som den første ein måte å rekne ut framtidige formørkingar. Han fann òg at posisjonen til stjernene endra seg over tid, og var dermed på sporet av dei sykliske uregelmessigheitene i jordbanen og hellinga til jordaksen.

Den kanskje største fortenesta til Hipparkhos er katalogen hans over 850 stjerner som er synleg med det blotta auga. Han delte stjernene inn i seks klassar etter lysstyrke, med verdien 1 for dei sterkaste og 6 for dei svakaste. Klassifikasjonen vert brukt den dag i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Hipparkhos