Låvesvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hirundo rustica)
Låvesvale
Låvesvale, Hirundo rustica Foto: Malene Thyssen
Låvesvale, Hirundo rustica
Foto: Malene Thyssen
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av låvesvale
Utbreiinga av låvesvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Svalefamilien Hirundinidae
Slekt: Hirundo
Art: Låvesvale H. rustica
Vitskapleg namn
Hirundo rustica

Låvesvale (Hirundo rustica) er arten i svalefamilien med vidaste utbreiing i verda. Låvesvala er ein karakteristisk fugl med blå overside, ein lang, djupt gaffeldelt hale og krumme, spisse venger. Ho førekjem som hekkefugl i Europa, Asia, Afrika og Amerika.

Det er seks underarter av låvesvaler som hekkar over den nordlege halvkula. Fire av desse er typiske trekkfuglar, og overvintringsområde deira dekker mykje av den sørlege halvkula så langt sør som sentrale Argentina, Kapp-provinsen i Sør-Afrika, og Nord-Australia. Med den vide distribusjonen er ikkje låvesvala utryddingstrua, sjølv om det kan vere lokale populasjonar i tilbakegang på grunn av spesifikke truslar, slik som bygginga av ein internasjonal flyplass nær Durban.

Låvesvala lever i opent landskap og nyttar vanlegvis kunstige strukturar som hekkeplass, og er dermed spreidd med menneskeleg ekspansjon. Ho byggjer eit koppforma reir av gjørmeklumpar i låvar eller i liknande strukturar og beitar på insekt fanga i flukt. Denne arten lever i nært samband med menneske, og vanen med å ete insekt betyr at dei blir tolerert av menneske. Det er mange kulturelle referansar til låvesvala i litterære og religiøse verk både grunna leveviset nært knytt til menneske og til den iaugefallande årlege migrasjonen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Låvesvaleegg.
To juvenilar.

Vaksne hannfuglar av låvesvale er 17-19 cm lange, inkludert 2-7 cm langstrekte ytre halefjør. Dei har eit vengespenn på 32-34,5 cm og veg 16-22 gram. Dei har stålblå overside og raudbrun panne, hake og strupe. Eit breitt, mørkeblått brystband skil det raudbrune frå den bleikkvite undersida. Dei ytre halefjørene er langstrekte, og gjev den karakteristiske djupt gaffelforma svalehalen. Det er ei linje med kvite prikkar over ytre enden av øvre hale.

Hofuglar liknar hannar, men halefjørene er kortare, dei blåfarga fjørene har mindre glans, og undersida meir bleik. Ungfuglane er brunare og har eit bleikare raudbrukt ansikt og kvitare undersida. Dei manglar også den lange halen til vaksne.

Songen frå låvesvaler er ein munter trille, ofte endar han med «su-sir» med andre leddet kraftigare enn det første, men fallande i tonehøgd. Lydytringar med «vitt» eller «vitt-vitt» er vanlege, og eit høgt «spli-plink» når dei er spente. Varselrop er ein skarp «siflitt» for rovdyr som kattar og ein «flitt-flitt» for rovfuglar som falkar. På overvintringsplassar er dei relativt stille.

Den særeigne kombinasjonen av raudt ansikt og blått brystband gjer at låvesvala lett skiljast frå afrikanske Hirundo-artar og frå pionérsvale, Hirundo neoxena, som har overlappande leveområde i Australasia. I Afrika kan ungfuglar av låvesvale med korte halefjør invitere forveksling med ungfuglar av guineasvale, Hirundo lucida, men sistnemnte har eit smalare brystband og meir kvitt i halen.

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er låvesvala vanleg hekkefugl nord til Saltdal, og finst meir spreitt til Troms fylke og med einskilde hekkingar også i Finnmark. Ho er mest talrik i dei største jordbruksområda i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]