Hisarøyna

Koordinatar: 60°59′19″N 04°58′08″E / 60.98861°N 4.96889°E / 60.98861; 4.96889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hiserøyna)
Hisarøyna
Geografi
Stad Sogn
Koordinatar 60°59′19″N 04°58′08″E / 60.98861°N 4.96889°E / 60.98861; 4.96889

Areal 18,7 km²

Høgaste punkt Veten (313 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Straume (13 innb.)

Demografi
Folketal 22 (2023)
Folketettleik 1,2 /km²

Hisarøyna eller Hiserøyna er ei øy i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg sør for Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden. Arealet er 18,7 km² og det høgaste punktet er Veten på 313 moh. Øya har 43 innbyggjarar (2001).

Sør for Hisarøyna ligg Gulafjorden og Sandøyna.

Fastlandssamband[endre | endre wikiteksten]

Hisarøyna fekk fastlandssamband i form av kabelferje i 2013.[1] Kabelferja er driven av ein elektrisk motor, og var det fyrste bilferjesambandet som blei drive av elektrisk kraft i Noreg. Kabelferja går frå Mjånes til Nyhammar og ferjeturen tar ca. 10 minutt.[2]

Folketalsutvikling:

1801[3] 1900[4] 2000[5] 2023[5]
98 141 45 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Konsulent: Kabelferger gir nullutslipp til en brøkdel av prisen på batteriferger», Tu.no, 23. februar 2016, henta 16. august 2023 
  2. «Skyss reiseplanlegger», reise.skyss.no, henta 16. august 2023 
  3. Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet
  5. 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.