Hiskiabassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiskiabassenget
reservoar
Land  Dei palestinske territoria
By Jerusalem
Koordinatar 31°46′37.83″N 35°13′44.79″E / 31.7771750°N 35.2291083°E / 31.7771750; 35.2291083
Kart
Hiskiabassenget
31°46′38″N 35°13′45″E / 31.777175°N 35.22910833°E / 31.777175; 35.22910833
Wikimedia Commons: Pool of Hezekiah

Hiskiabassenget (hebraisk skrift בריכת חזקיהו, Breichat Hezkiyahu) ligg i Det kristne kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem og var ein gong eit reservoar som var ein del av vassystemet i byen. Bassenget er i dag tørrlagt og omgjeve av bygningar på alle sider. Josefus Flavius kalla bassenget Amygdalon, som tyder ‘mandeltre’.

Bassenget er trudd å vere det same som er nemnt i bibelverset 2. Kong 18,17, og ein trur at dette er det øvre bassenget der kong Hiskia møtte sendeboda frå kongen av Assyria. Seinare fekk det vatn frå Mamillabassenget, eit av tre vassreservoar som vart bygd av Herodes den store i det første hundreåret fvt.[1][2]av ein undergrunnspassasje som framleis delvis eksisterer.

Bassenget vert òg kalla Søylebassenget eller Patriarkbadet (på arabisk: Birkat Hammam el-Batrak بركة حمّام البطرك).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gil Zohar (May 24, 2007). «Long-awaited luxury». The Jerusalem Post. 
  2. Schwiki, Itzik (February 8, 2005). «The Total Experience from Dismantling and Rebuilding Teaches that This is a Highly Dubious Way of Preservation». 02net. Arkivert frå originalen 26. mars 2005. Henta 5. september 2015.  (he)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hiskiabassenget