Hopp til innhald

Hispania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den iberiske halvøya, dagens Portugal og Spania: erobringa av Hispania frå 220 f.Kr. til 19 f.Kr. og provinsgrensene. Dei territoriale framgangane og provinsgrensene er ikkje nøyaktige, men illustrative.

Hispania var det romerske namnet på Den iberiske halvøya det som er dei moderne statane Portugal og Spania.[1] Under den romerske republikken var Hispania delt inn i to provinsar: Hispania Citerior og Hispania Ulterior. Under prinsipatet blei Hispania Ulterior delt inn i to nye provinsar, Baetica og Lusitania, medan Hispania Citerior fekk nytt namn og blei kalla for Tarraconensis. Deretter blei den vestlege delen av Tarraconensis delt opp, fyrst som Hispania Nova, seinare døypt om til Callaecia (eller Gallaecia), som i dag utgjer den spanske regionen Galicia.

Frå tetrarkiet til keisar Diokletian i tida frå 284 og framover blei den sørlege delen av det gjenverande Tarraconensis delt opp på nytt som Carthaginensis, og truleg deretter også øyane Balearane og alle dei resulterande provinsane blei gjort om til eit sivilt bispedømme under vicarius for Hispaniæ. Namnet Hispania blei også nytta for perioden med vestgotisk styre. Det moderne namnet Spania er avleidd frå det romerske namnet «Hispania».

Hispania blei erobra under den republikanske perioden til Romarriket og integrert i riket under keisarriket.[2]

Den romerske provinsbyen Emerita Augusta (dagens Mérida) blei grunnlagd av Augustus i 25 f.Kr. for å busetja pensjonerte soldatar.
Hercules-tårnet i Corunna, dagens spanske by La Coruña i Galicia, er det eldste romerske fyret i verda som framleis er i bruk.[3]

Kartagiske Hispania

[endre | endre wikiteksten]
Innverknadssfæra til Kartago før den fyrste punarkrigen.

Etter at Kartago leid nederlag for romarane i den fyrste punarkrigen (264 f.Kr.–241 f.Kr.), prøvde Kartago å jamna ut tapet sitt av Sicilia ved å byggja opp att eit kommersielt rike i Hispania.

Hovuddelen av punarkrigane, som blei utkjempa mellom kartagarar (punarar) og romarar, bleiutkjempa på Den iberiske halvøya. Kartago overgav kontrollen over Iberia og mykje av riket sitt til Roma i 201 f.Kr. som ein del av fredsavtalen etter nederlaget i den andre punarkrigen (218–201 f.Kr.). Roma fullførte ved å erstatta kartagarane som den dominerande makta i områda kring Middelhavet. På den tida hadde romarane overteke det kartagiske namnet på området, og fyrst romanisert det først som Ispania. Nemning fekk seinare ein H i byrjinga, ganske likt kva som skjedde med Hibernia, og fleirtalsform som Hispaniæ.

Romerske Hispania

[endre | endre wikiteksten]
Hispania under Augustus sitt styre etter kanabrianske krigar i 29 f.Kr.

Dei romerske hærane invaderte Hispania i 218 f.Kr. og nytta landet som trening for offiserar og som ein stad for utprøving av taktikk under krigane med kartagarane, iberarane, lusitanarane, gallesarane og andre. Det var ikkje før i 19 f.Kr. at den romerske sterke leiaren Augustus (styrte 27 f.Kr.–14 e.Kr.) var i stand til å fullføra erobringa av Iberia. Fram til då hadde store område av Hispania vore sjølvstendig.

I tida etter Augustus gjekk romaniseringa raskt i ein del regionar, men svært langsamt i andre. Romerske skikkar, språk, religion, lovar og det generelle romerske leveviset vann innpass hjå den opphavlege befolkninga som også utgjorde eit mindretal av romerske innvandrarar. Til saman danna dette ein særskild hispano-romersk kultur. Romersk sivilisasjon var langt meir teknologisk avansert enn tidlegare kulturar på halvøya, og stod for utbygging av infrastruktur som både betra kommunikasjonane og høvet til å kontrollera befolkninga. Forbetringar ved hjelp av denne infrastrukturen i byane og den generelle urbaniseringa, offentlege tenester som til då hadde vore ukjente på halvøya, som akveduktar, kloakkanlegg, romerske bad, amfiteater, og liknande bidrog til å gjera det attraktivt å vera del av riket. Det blei skipa busetjingskoloniar som påskjønning for pensjonerte soldatar og gods for omfattande landbruksproduksjon som var eigde av rike familiar som anten kom frå Roma eller var lokale familiar som raskt tilpassa seg romerske skikkar og språk.

Hispania var fyrst delt inn i tre fråskilt styrte provinsar og i 9 provinsar ved 300-talet. I over 500 år var Hispania ein del av eit kosmopolitisk verdsrike som var knytt saman av lov, språk, og romerske vegar. Men verknaden av Hispania for innflyttarane var også stor. Julius Cæsar skreiv i verket sitt Gallarkrigane at soldatar frå andre legionar var blitt hispaniserte og rekna seg sjølv som hispanicus.[4]

Kart som viser romerske «coloniæ» i Hispania, og indikerer at sørlege Spania hadde den høgaste konsentrasjonen av dei etter sentrale Italia.

Ein del av den opphavlege folkesetnaden i Hispania fekk koma inn i den romerske aristokratiske samfunnsklassen og deltok i styringa av både Hispania og Romarriket, medan det innfødde aristokratiet styrte kvar lokale stamme. Det romerske systemet med latifundia (fleirtal <i id="mw-Q">latifundium</i>) var store gods kontrollerte av aristokratiet, og blei bygga oppå det eksisterande iberiske landseigarsystemet.[5]

Romarane utbetra eksisterande byar, som Olissipo (Lisboa) og Tarraco (Tarragona), etablerte byane Caesaraugusta (Zaragoza), Augusta Emerita (Mérida) og Valentia (Valencia), og reduserte andre innfødde byar til reine landsbyar. Økonomien på halvøya ekspanderte under romersk leiing. Hispania fungerte som kornkammer. Den nest største inntektskjelda til Romarriket var dei rike malmgruvene her. Sølv og gull hadde berika fønikarane og deretter kartagarane. I samsvar med Plinius den eldre utgjorde gullproduksjonen frå Hispania det første hundreåret e.Kr. opptil 20 000 pund i året, tilsvarande ein halv milliard av dagens amerikanske dollar. Sølvgruvene var talrike i Cartago Nova (Cartagena) og ifølgje Strabon produserte dei 25 000 drakmar per dag. Produksjon av desse gruvene nådde toppen i 96 f.Kr.[6] Hamnene i Hispania eksporterte gull, tinn, sølv, bly, ull, kveite, olivenolje, vin, fisk og garum, ein viktig fermentert fiskesaus. Jordbruksproduksjonen auka med innføring av prosjekt for vatn og irrigasjon, og ein del av desse er framleis i bruk. Dei romarifiserte iberiske befolkningane og iberiskfødde etterkommarar av romerske soldatar og kolonistar hadde alle oppnådd status med fullt romersk statsborgarskap mot slutten av 100-talet e.Kr. Keisarane Trajan (styrte 98–117), Hadrian (styrte 117–138) og Marcus Aurelius (styrte 161–180) hadde alle bakgrunn eller opphav frå Hispania. Den iberiske denarii, også kalla for argentum oscense av romerske soldatar, sirkulerte fram til 100-talet f.Kr. då han blei erstatta av romerske myntar.

Under romersk styre blei det oppført bruer og akveduktar, og romarretten blei innført. Keisarane Hadrian, Trajan og Theodosius kom frå Hispania. Kristendommen blei den dominerande religionen under Konstantin.[7] Seneca den eldre, Seneca den yngre, Lucius Junius Moderatus Columella og Lucius Cornelius Balbus (konsul) kom frå provinsen Hispania Baetica. Retorikaen Marcus Fabius Quintilianus kom også frå Hispania.[8]

Administrasjonen av romersk Hispania

[endre | endre wikiteksten]
Dei viktigaste romarvegane i romersk Hispania.
Romersk teater ved Mérida.

I dei fyrste stadia av romaniseringa blei Den iberiske halvøya delt i to av romarane i administrativ intensjon. Delen som låg nærast Roma blei kalla for Citerior (‘i nord’), og den fjernaste blei kalla for Ulterior (‘i sør’).[7] Denne inndelinga tok i lita grad omsyn til dei store geografiske variasjonen i landet.[9] Grensa mellom begge var ei slyngande linje som strekte seg frå Cartago Nova (Cartagena) og til det kantabriske havet, den sørlegaste delen av Biscayabukta.

Hispania Ulterior bestod av det som i dag er Andalusia, Portugal, Extremadura, León, ein stor del av det tidlegare gamle Castilla (Castilla la Vieja), Galicia, Asturias og Baskarland.

Hispania Citerior bestod av den austlege delen av tidlegare gamle Castilla, og av det som i dag er Aragón, Valencia, Catalonia, og ein stor del av Nye Castilla (Castilla la Nueva).

I 27 f.Kr. delte generalen og politikaren Marcus Vipsanius Agrippa Hispania i tre delar ved å dela opp Hispania Ulterior i Baetica (hovudsakleg Andalusia) og Lusitania (inkludert Gallaecia og Asturias) og knytte Cantabria og Baskarland til Hispania Citerior.

Det same året stod Augustus for ei ny inndeling som lét etter seg provinsane som følgjande:

  • Provincia Hispania Ulterior Baetica (Hispania Baetica), med hovudstad i Corduba, dagens Córdoba. Det omfatta litt mindre territorium enn dagens Andalusia då Almería og ein stor del av dagens Granada og Jaén var att utanfor, pluss den sørlege sona av dagens Badajoz. Elva Anas eller Annas (Guadiana, frå Wadi-Anas) skilde Hispania Baetica frå Lusitania. Provinsen omfatta den gamle kartagenske kolonien Gades (dagens Cadíz).[10]
  • Provincia Hispania Ulterior Lusitania, med hovudstad i Emerita Augusta (dagens Mérida) og utan Gallaecia og Asturias. Omfatta mesteparten av det moderne Portugal.[7]
  • Provincia Hispania Citerior, med hovudstad var Tarraco (Tarragona). Etter å ha fått mest mogleg tyding vart denne provinsen ganske enkelt kjent som Tarraconensis og bestod av Gallaecia (dagens Galicia og nordlege Portugal) og Asturias. I 69 e.Kr. blei den nordafrikanske provinsen Mauretania Tingitana lagt inn under Diocesis Hispaniarum.

På 200-talet innførte keisar Caracalla ei ny inndeling som berre varte ei kort tid. Han delte Hispania Citerior i to delar att og oppretta dei nye provinsane Provincia Hispania Nova Citerior og Asturiae-Calleciae. I året 238 blei den sameinte provinsen Tarraconensis eller Hispania Citerior gjenoppretta.

På 200-talet under soldatkeisarane blei Hispania Nova (det nordvestlege hjørnet av Spania) delt ut frå Tarraconensis som ein liten provins som husa den einaste faste legionen i Hispania, Legio VII Gemina. Frå og med reforma til Diokletian-tetrarkiet i 293 blei det nye dioecesis Hispaniae den eine av fire dioecesis, styrt av ein vicarius, frå det pretorianske prefekturet Gallia (som bestod av provinsane Gallia, Germania og Britannia etter avskaffinga av keiserlege tetrarkiet. Desse diocesa, med hovudstad i Emerita Augusta (dagens Mérida), bestod av fem iberiske provinsar (Baetica, Gallaecia and Lusitania, kvar av dei under ein guvernør kalla consularis; og Carthaginiensis, Tarraconensis, kvar under ein praeses), Insulae Baleares og den nordafrikanske provinsen Mauretania Tingitana.

Kristendommen blei introdusert i Hispania allereie på 100-talet og blei populær i byane på 200-talet. Trua hadde mindre framgang ute på landet før mot slutten av 300-talet, og på denne tida var kristendommen blei offisiell religion i Romarriket. Ein del avvikande sekter som blei fordømde som kjetteri oppstod i Hispania. Den best kjende av desse er priscillianisme, med namn etter Priscillianus (død 385), ein lekmann som leia ei asketisk rørsle.[11] Dei fleste lokale biskopane heldt fram med å vere lydige mot paven. Biskopane hadde offisiell sivil så vel som kyrkjeleg status i det seine Romarriket, og heldt fram med å utøva autoriteten sin for å halda oppe orden då det sivile styret braut saman på 400-talet. Kyrkjeråda til biskopane blei eit viktig verkemiddel for å samordna stabilitet under invasjonen til vestgotarane.

Roma heldt fram med å dominera området til den vestlege delen av riket braut saman. Den iberiske befolkninga vende seg til vestgotarane, eit germansk folk, for vern då Roma ikkje lenger klarte å halda oppe legionar for å verna området.

  1. Curchin, L. A. (2014). Roman Spain: Conquest and Assimilation. Routledge.
  2. Curchin, L. A. (2014). Roman Spain: Conquest and Assimilation. Routledge.
  3. Baldwin, Thomas (1847): A Universal Pronouncing Gazetteer, Lindsay & Blakiston
  4. «Roman Hispania», Spanish History
  5. «Roman Hispania» Arkivert 16. september 2016 på Wayback Machine., Historical Atlas of the Mediterranean
  6. Morgan, James F. (2012): The Roman Empire: Fall of the West; Survival of the East, Author House
  7. 7,0 7,1 7,2 Fakta om Spania. Oslo: Den Spanske ambassade, Turistavdelingen. 
  8. Bunson, M. (2014). Encyclopedia of the Roman empire. Infobase Publishing.
  9. Bunson, M. (2014). Encyclopedia of the Roman empire. Infobase Publishing.
  10. Bunson, M. (2014). Encyclopedia of the Roman empire. Infobase Publishing.
  11. Chadwick, Henry (1976): Priscillian of Avila: the occult and the charismatic in the early church. Clarendon Press.