Hissfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°13′29.320″N 6°2′25.516″E

Utsyn mot Jondalen og Hissfjorden i vest

Hissfjorden er ein del av Hardangerfjorden nord for Varaldsøy og 19 km inn til Jondal. Fjorden starta i Kvinnherad kommune og følgjer så kommunegrensa mellom Jondal og Kvam.

Fjorden har to innløp, eit på kvar side av Varaldsøy. På nordsida av Varaldsøy ligg Bondesund som går vest til Øynefjorden. Det andre innløpet ligg mellom Varakjelen på Varaldsøy og Hammeren på fastlandssida i Jondal i aust. På austsida av Varaldsøy ligg Sildafjorden.

Rett nord for Varaldsøy ligg Omastranda på nordsida av fjorden og innanfor her igjen ligg Strandebarm. Innstranda ligg på austsida av Strandebarmbukta. Her smalnar fjorden inn til eit sund med ei breidd på om lag 1,5 km. I andre enden av 5 km lange sundet ligg sjølve tettstaden Jondal på austsida og frå her startar Ytre Samlafjorden.