Historia Augusta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Historia Augusta er ei seinromersk samling av latinske biografiar om romerske keisarar, juniorkollegaene deira og usurpatorar (tronranarar) i perioden frå 117 til 284.

Verket presenterer seg sjølv som ei samanstilling av verk frå seks ulike forfattarar (kollektivt kjende som Scriptores Historiae Augustae), skrivne i regjeringstidene til Diokletian og Konstantin den store, men det verkelege forfattarskapet til verket, den faktiske datering og hensikta med det, har lenge vore gjenstand for akademisk debatt.

Den fyrste utgjevinga etter at boktrykkarkunsten blei utvikla i Europa var i 1475.

Den kjende engelske historikaren Edward Gibbon verket med forakt som ei sensasjonalistisk samling av keisarbiografiar av «ein særs unøyaktig skribent», men lét likevel ikkje vere å bruka han.[1] Dei største problema er dei kjeldene som er nytta, og kor mykje av innhaldet som er rein dikting. Trass i desse spørsmåla, er verjet den einaste samanhengande forklaringa for mykje av perioden det tek for seg, og er såleis blitt jamleg evaluert på nytt sidan moderne historikarar ikkje er villige til å oppgje ei såpass unik kjelde til mogleg informasjon, trass i at ho heilt klart er upåliteleg på mange nivå.[2]

Tittel og omfang[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på verket blei gjeve av Isaac Casaubon, som framstilte ei kritisk utgåve i 1603 (saman med Claudius Salmasius). Han arbeidde frå ein kompleks manuskripttradisjon med eit tal ulike versjonar.[3] Kor omfattande verket var sirkulert og lese i senantikken er ikkje mogleg å vita, men omfattande sitat frå det er funne i tekstar til forfattarar frå 500- til 800-talet, og dei fremste manuskripta er òg daterte til 800- eller 900-talet.[4] Editio princeps, den fyrste trykte utgåva, blei laga i Milano i 1475. Dei seks forfattarane – «Aelius Spartianus», «Iulius Capitolinus», «Vulcacius Gallicanus», «Aelius Lampridius», «Trebellius Pollio» og «Flavius Vopiscus (frå Siracusa)» – dedikerte biografiane til Diocletian, Konstantin og ei rekkje private personar, og såleis skreiv dei alle tilsynelatande ein gong på slutten av 200- og tidleg på 300-talet.

Biografiane handlar om keisarane frå Hadrian til Carinus og Numerianus. Ein seksjon dekker regjeringstidene til Filip arabaren, Decius, Gallus og Aemilianus. Slutten av styret til Valerianus manglar derimot i alle versjonar av manuskript, og det er blitt argumentert at biografiane til Nerva og Trajan er gått tapt frå byrjinga av manuskriptet. Det kan antyda at samanstillinga kan ha vore ei direkte fortsetjing av historieverket til Sveton. Det har òg vorte teoretisert at lacuna (manglande seksjon i eit manuskript) kan ha vore eit bevisst litterært grep av forfattaren/forfattarane for å unngå arbeidet med å dekka keisarar som det kan ha vore lite kjeldemateriale å sitera frå.[5]

Sjølv om heile bøker (delar) er vigd kortvarige eller i ein del tilfelle ikkje-eksisterende usurpatorar, er det ingen uavhengige biografiar for keisar Quintillus og Florianus, som berre er kortvarig noterte mot slutten av biografiane til dei respektive forgjengarane sine, Claudius Gothicus og Tacitus. Rundt 300 år etter utgåva til Casaubon, sjølv om mykje av Historia Augusta blei behandla med stor skepsis, blei ho likevel nytta som ei autentisk kjelde, faktisk òg av Edward Gibbon i fyrste band av Romerrikets nedgang og fall (1776).[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Burrow, John (2009): A History of Histories, London: Penguin, s. 157-158
  2. Breisach, Ernst (2007): Historiography: Ancient, Medieval, and Modern, 3. utg., Chicago: University of Chicago Press, s. 75.
  3. Magie, David, Introduction til omsetjinga i Loeb Classical Library, s. xi.
  4. Magie, David, s. xxiv-xxv.
  5. Paschoud, François: «Historia Augusta», Oxford Bibliographies
  6. Call for Comment: Invented Sources: «...uncritically, he accepted the information from the Historia Augusta, never realizing that this source was a hoax, never asking which sources were used by its author, never preferring that information to the Historia Augusta.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Ei engelsk omsetjing av det fullstendige verket, ved David Magie, London & Harvard 1921, med latinsk på motstående side, er tilgjengelig i Loeb Classical Library. Delvis oversettelse av Anthony Birley som Lives of the Later Caesars er utgitt av Penguin.
  • Baynes, Norman H. (1926): The Historia Augusta. Its Date and Purpose, Oxford
  • Cameron, Alan (2011): The Last Pagans of Rome, Oxford
  • Momigliano, Arnaldo (1954): «An Unsolved Problem of Historical Forgery: The Scriptores Historiae Augustae» i: Journal of the Warburg and Courtauld Institutes 17 (1/2), s. 22-46. I JSTOR
  • Syme, Ronald (1968): Ammianus and the Historia Augusta, Oxford
  • Syme, Ronald (1971): Emperors and Biography, Oxford
  • Syme, Ronald (1983): Historia Augusta Papers, Oxford