Historic Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Historic Dead
Konsertalbum av Grateful Dead
Utgjeve Juni 1971
Innspelt 1966
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 28:51
Selskap Sunflower
Produsent Robert Cohen
Grateful Dead-kronologi
American Beauty
(1970)
Historic Dead Grateful Dead
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Historic Dead er eit konsertalbum av rockegruppa Grateful Dead. Det vart spelt inn i Avalon Ballroom i San Francisco seint i 1966, og gjeve ut i juni 1971.[2][3][4]

History[endre | endre wikiteksten]

Historic Dead vart gjeve ut på Sunflower-etiketten til MGM Records. Together Records hadde kjøpt rettane til ei rekkje konsertopptak frå The Avalon, mellom andre desse frå Grateful Dead, og planla ein antologi av band frå Bay Area.[5] Då selskapet gjekk konkurs, betalte MGM gjelda og tok over lydbanda, og gav ut to album med konsertmateriale av Grateful Dead.[6] Historic Dead er ikkje eit piratkopialbum, men bandet deltok ikkje i utgjevinga eller samtykka i at det skulle kome ut. Albumet nådde 154. plassen på Billboard 200.[7] Det er ikkje lenger i sal og har heller ikkje kome ut på CD.

Historic Dead kom ut etter eit anna Sunflower Records-album frå Avalon i 1966, Vintage Dead. Ein trur begge vart spelte inn 16. september 1966.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Good Morning Little Schoolgirl»Sonny Boy Williamson11:01
2.«Lindy»Jab Jones, Will Shade2:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Stealin'»Gus Cannon, Will Shade3:00
4.«The Same Thing»Willie Dixon12:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead
Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hostoric Dead». AllMusic. Henta 26. september 2018. 
  2. Trager, Oliver (1997). The American Book of the Dead. Fireside. s. 181. ISBN 0-684-81402-1. Henta 5. september 2010. 
  3. Historic Dead at the Grateful Dead Family Discography
  4. Slabicky, Ihor W. The Compleat Grateful Dead Discography
  5. Callahan, Mike, et al. Sunflower Album Discography at Both Sides Now Publications
  6. Ben Fong-Torres; Rolling Stone magazine; 28. oktober 1971
  7. Grateful Dead Billboard albums at Allmusic