Historisk tidsskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Historisk Tidsskrift  
Forkorta tittel (ISO) HIST TIDSSK
Fagfelt Historie (070)
Fagfellevurdering Full fagfellevurdering
Språk norsk
Om tidskriftet
Utgjevar Universitetsforlaget (Norge)
Publikasjonshistorie 1871 til nå
Publiseringsnivå Vitenskapelig nivå 1
Bibliografisk indeksering
ISSN 0018-263X
ITAR-kode 8970
Lenkjer
  • [daud lenkje] Nettstaden til tidsskriftet
  • [340920 DBH publiseringskanalar]
  • [[[:Mal:Bibsys-oria/issn]] BIBSYS]
Første band av Historisk Tidsskrift, 1871.

Historisk tidsskrift (av og til omtalt som Norsk historisk tidsskrift eller NHT for å skilje det frå dansk Historisk Tidsskrift) har vore det leiande vitskaplege tidsskriftet for historievitskap i Noreg sidan 1871. Historisk tidsskrift publiserer fagfellevurderte artiklar, debatt- og kommentarbidrag og bokmeldingar av historiefaglege bøker. Tidsskriftet er det nest eldste eksisterande vitskaplege tidsskriftet i Noreg som enno vert utgjeve.[1][2] Målgruppa er forskarar, studentar og historielærarar. Historisk tidsskrift vert gjeve ut av Den norske historiske forening (HIFO) i samarbeid med Universitetsforlaget.[3]

Lokaliseringa av redaksjonen går på omgang mellom forskingsmiljøa i historie, og er frå 2015 lokalisert til Historieseksjonen ved Institutt for historie og religionsvitskap ved UiT Noregs Arktiske Universitet i Tromsø, med Narve Fulsås som redaktør.

Til saman har kring 1200 ulike forfattarar bidrege til tidsskriftet sidan starten.

Tidsskriftet var i 2004 klassifisert som eit nivå 1-tidsskrift innan vitskapleg rapportering. Deretter var det frå 2005 til 2012 på nivå 2, men vart frå 2013 igjen sett til nivå 1.[4]

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Redaktørstillinga i Historisk tidsskrift vart skild ut frå formannsvervet i Den norske historiske forening frå 1955. Frå då av var redaktørane:

Historisk Tidsskrift-prisen[endre | endre wikiteksten]

Frå 2010 har styret i HIFO tildelt pris til det meste nyskapande bidraget til Historisk tidsskrift i løpet av kalenderåret

  • 2010: Tore Linné Eriksen for «Folkemord i et komparativt koloniperspektiv: et riss av en fagdebatt», i Historisk tidsskrift nr. 3/2009
  • 2011: Hans Jacob Orning for debattartikkelen «Norsk middelalder i et antropologisk perspektiv. Svar til Knut Helle» i Historisk tidsskrift nr. 2/2010
  • 2012: Inger Bjørnhaug for «Erfaringer fra historieforskningens skyggedal» i Historisk tidsskrift nr. 3/2011
  • 2013: Dag Hundstad for «Historikeren som regionbygger? – et fagkritisk perspektiv på fire landsdelshistoriske verk» i Historisk Tidsskrift nr. 1/2012
  • 2014: Eirinn Larsen og Lars Fredrik Øksendal for «De glemte kvinnevalgene» i Historisk tidsskrift nr. 4/2013

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter
  2. Norsk militært tidsskrift som har kome ut sidan 1831 er ikkje rekna som vitskapleg
  3. «Historisk tidsskrift - Idunn», www.idunn.no (på norsk), henta 5. november 2019 
  4. Publiseringskanaler, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Besøkt 23. desember 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]