History av Elouiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«History»
Singel av Elouiz
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2. februar 2016
Låtskrivar(ar) Jeanette Olsen, Michael Jay og André Lindahl
Kritikk

«History» (Historie) er ein singel av Elouiz, gjeven ut 2. februar 2016.[3] Songen er skriven av Jeanette Olsen, Michael Jay og André Lindahl.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2016[endre | endre wikiteksten]

«History» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[4] På pressekonferansen vart det òg kjend at Christina Cornelia Elouise Pethrus Lauritzen, under namnet Elouiz, vil framføre songen, på engelsk.[4] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no.[4] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «- Hadde låta vært et virus, ville WHO umiddelbart slått alarm». Dagbladet. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  2. «VG anmelder Melodi Grand Prix-låtene». Verdens Gang. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Nå kan du høre alle MGP-låtene». Norsk rikskringkasting. 2. februar 2016. Henta 2. februar 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Her er alle artistene i årets MGP». Norsk rikskringkasting. 19. januar 2016. Henta 2. februar 2016.