Hitra tidlegare kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hitra er også namn på ein noverande kommune.
Kommunegrensene som delte dei fire Hitra-kommunane fram til 31. desember 1963.

Hitra er ein tidlegare kommune på øya Hitra i tidlegare Sør-Trøndelag fylke. Kommunen var ein del av Hitra formannskapsdistrikt då det vart oppretta i 1837, og som då omfatta noverande Hitra kommune og Frøya kommune. 1. januar 1877 vart Frøya utskild som eigen kommune.

Fillan og (den seinare frådelte Sandstad kommune) vart skild ut frå Hitra som eigen kommune 1. januar 1886. 1. januar 1913 vart så Kvenvær kommune skild ut frå den då resterande Hitra kommune. Etter delinga hadde dåverande Hitra kommune 1 439 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart dei fire kommunane Hitra, Fillan, Kvenvær og Sandstad slegne saman til nye Hitra kommune, som deretter utgjorde heile øya Hitra. Den tidlegare kommunen Hitra hadde ved kommunesamanslåinga 984 innbyggjarar.