Hjörleifshöfði

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjörleifshöfði

f6

Høgd over havet 221 m
Område Island
Koordinatar 63° 25′ 0″ N, 18° 46′ 0″ VKoordinatar: 63° 25′ 0″ N, 18° 46′ 0″ V
[[image:|300x300px|center|Hjörleifshöfði (Erde)]]
Hjörleifshöfði
Hjörleifshöfði
Type Inselberg
Bergart Palagonitt
Alder på berget Istida

Hjörleifshöfði er eit 221 m høgt fjell sør på Island. Det er eit inselberg som består av palagonitt. Fjellet ligg ved Mýrdalssandur ca. 15 km aust for Vík í Mýrdal.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet er av vulkansk opphav. Då det blei danna var det dekt av is eller hav, og har dermed eit liknande opphav som det større fjellet Hafursey i nærleiken. Toppen var lenge ei øy, men blei etterkvart forbunde til fastlandet. Då dei norrøne busetjarane på Island heldt til her låg det ein fjord ved fjellet der dei kunne byggja skip.

Jökulhlaup frå Mýrdalsjökull ved vulkanen Katla har tilført området så mykje sand og grus at det no ligg eit stykke frå kysten, og fjorden er fylt att.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet til fjellet viser til ein av dei første norrøne busetjarane på Island som er nemnd i Landnámabók. Hjörleifur Hróðmarsson var fosterbror og ven av den første offisielle busetjaren på Island, Ingólfur Arnarson. Han skal ha slått seg ned ved på 800-talet. Ifølgje soga blei han så drepen av trælane sine. Trælane flykta til Vestmannaeyjar, men Ingólfur følgde etter dei og drap dei som hemn.

Oppe på fjell ligg ein haug kalla Hjörleifshaugur. Her skal Hjörleifur vera hauglagt.[1]

Fram til 1936 var det ein gard på fjellet med same namn som det. Garden var relativt velståande på grunn av tilgangen på ville fuglar og egg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Íslandshandbókin. Náttúra, saga og sérkenni. 2. bindi. Hg. T. Einarsson, H. Magnússon. Reykjavík (Örn og Örlygur) 1989, s. 698
  2. Íslandshandbókin. Náttúra, saga og sérkenni. 2. bindi. Hg. T. Einarsson, H. Magnússon. Reykjavík (Örn og Örlygur) 1989, s. 698 f.