Hjøllo i Odda

Koordinatar: 60°3′45″N 6°33′6″E / 60.06250°N 6.55167°E / 60.06250; 6.55167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hjøllo)

60°3′45″N 6°33′6″E / 60.06250°N 6.55167°E / 60.06250; 6.55167 Hjøllo er ein matrikkelgard i Ullensvang kommune i Vestland. Hjøllo er gardsnummer 56.

Gardsnamnet[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg bø i bø med Mannsåker og grensar nordover med Ragde. Opo er den naturlege grensa i vest. I aust oppover lia eig Hjøllo land og rettar like til høgfjellet. Namnet Hjøllo er gamalnorsk og kjem av Hjallar, fleirtal av Hjallr (m) hjell i dativ, fleirtal hjollum, hjallane (terrassane). Namnet er i Bergen Kalvskinn skrive ”i Hiollum” og i 1410 ”Hiallar”. Etter 1500 var skriveforma Hielle og Hjelle. No skriv ein Hjøllo, slik bygdeuttalen er.

Den eldste gardshistoria[endre | endre wikiteksten]

Etter tradisjon skal Hjøllo vera den eldste garden i Odda. Første mann som sette bu her eigna til seg alt landet mellom Tysso og Tjørnedalselva, heiter det. I dag eig garden eigedommar i Alskor under Tveitanuten ved Tyssedal og teigar ved Tjørnedalen. Det var truleg ein gong i steinalderen at dei fyrste slo seg ned på garden, det er gjort funn av vestlandsøks, fleire steniklubber, ei skaftholeøks og ei klebergryte i grunnen på Hjøllo. Desse funna er i dag i arkivsamlinga på Bergen Museum. Men også andre ting kan tyda på at Hjøllo er ein gamal gard i Odda, fordi i den første matrikkelen der garden er oppført står Hjøllo som gard nr. 1. Hjøllo er først nemnd i eit diplom av 28. april 1410, i 1615 er garden delt på fleire hender, både i og utanfor Hardanger. I 1630 vart garden delt i to bruk, og frå 1786 vart garden delt i fire bruk.

Tunet[endre | endre wikiteksten]

Hjøllotunet ligg om lag 47 moh, det ligg fritt og trygt på den øvste hjallen. Tunet utvikla seg til å bli eit klyngetun, som i 1890-åra var på sitt største med over 20 hus, i 1877 budde det flest folk i tunet, 27 personar. I 1905 var jordskifte ferdig for garden, og det vart tunoppbrot. Tre av bruka flytta ut frå det gamle tunet og bygde nye løer, eldhus og våningshus. I det gamle tunet står den eldste stova til bruk fire att, Gamlestova, denne stova var bygd i 1799 ein del av tømmeret kom frå eit gamalt loft som hadde stått på garden i lange tider. I dag er det ti hus i tunet.

Skulestova[endre | endre wikiteksten]

Den første skulestova i Odda stod også i Hjøllotunet, skulen hadde elevar frå krinsane Eide, Vasstun, Mannsåker, Hjøllo, Ragde og Freim. Skulehuset vart rive i 1892, og materialane vart brukt til å bygga ny skule i Odda, den stod der brannstasjonen står i dag.

Vegane[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tunet går Sjoarvegen (vegen til sjøen) som gjekk frå Hjøllonausta på Ragde over Kleivane opp til tunet og vidare over Mannsåker og til Vasstun.Frå Hjøllo er det god utsikt over Odda, og vegen som går forbi tunet er ein del av Kulturstien Hjøllo, Mannsåker, Vasstun.

Støl og utmarksrettar[endre | endre wikiteksten]

Hjøllo har støl på Haavaas i Sjausetedalen saman med Mannsåker og Vasstun. Garden har fiskerett i Opo og jaktrettar i fjellet. Garden hadde mjøstøl opp i lia over bruk 2.

Nyar historie[endre | endre wikiteksten]

Odda Smelteverk kjøpte innmarka til bruksnummer 2 i 1946 og fabrikken brukte innmarka til tipp og fylling av avfallsmasse frå karbidproduksjonen. Innmarka til bruksnummer 1 vart kring 1970 selt til Odda kommune. Mykje av innmarka til bruksnummer 4 vart i 1963 selt til bustadtomter og på nedste flaten til bruksnummer 4 bygde Jakob Låte Møbelfabrikk. Innmarka til bruksnummer 3 er stort sett urørt og flatane blir slått av bønder på Mannsåker.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, Band I-III, Odda 1962-1967.
  • Jon Låte: Tidskriftet Hardanger 1968, artikkel om Garden Hjøllo
  • Jon Låte: Kultursti Mannsåker Hjøllo tekst tavle om Hjøllotunet 1995-2007.